Universiteit Antwerpen
Universiteit Antwerpen (eller UA) er eit mellomstort universitet som er etablert i Antwerpen. Universitetet vart oppretta i 2003 gjennom ein fusjon av "de Universitaire Faculteiten Sint-Ignatius Antwerpen (UFSIA)", "het Rijksuniversitair Centrum Antwerpen (RUCA)" og "de Universitaire Instelling Antwerpen (UIA)".
Universiteit Antwerpen | |
![]() | |
![]() | |
Grunnlagt | 2003 |
---|---|
Type | Offentleg universitet |
Rektor | Alain Verschoren |
Stad | Antwerpen |
Studentar | ca 13.000 (2009) |
Tilsette | 3600 (2009) |
Nettstad | www.ua.ac.be |
Det teljar for augneblinken kring 13.000 studentar og veks kvart år. Universitetet tilbyr 23 akademiske basisutdanningar, 86 masterutdanningar og 40 master etter masterutdanningar fordelt på 7 fakultet.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Universiteit Antwerpen» frå Wikipedia på nederlandsk, den 27. april 2009.