Universitetets aula

festsal ved Universitetet i Oslo

59°54′55.314″N 10°44′7.0620″E / 59.91536500°N 10.735295000°E / 59.91536500; 10.735295000

Universitetets aula, fotografert i 1948.
Foto: Nasjonalbiblioteket
Domus Media, eller «Midtbygningen», med trappa bak søylerekka som gjev tilkomst til mellom anna Universitetes aula, som ligg som eit tilbygg attom denne bygningen.
Foto: Andy Mitchell, 2008

Universitetets aula, eller berre Aulaen, er ein festsal i Domus Media, midtbygningen, ved det opphavlege Universitetet i OsloKarl Johans gate i sentrum av Oslo. Aulaen er ei eiga fløy som stikk ut frå Domus Media midt på baksida av bygningen, men med inngang frå den mektige trappa som går opp attom søylerekka på framsida av Domus Media, slik at Aulaen har tilkomst frå Universitetsplassen.

Universitetsbygningane vart tekne i bruk i 1851, medan Aulaen vart bygd til hundreårsjubileumet til universitetet i 1911. Aulaen vart utforma utan vindauge, med overljos frå glastak, og med store innvendige veggflater som var meint for å verte utsmykka. Etter diskusjonar og strid vart salen utstyrt med monumentale måleri av Edvard Munch, måla med oljefargar på lerret festa til desse veggflatene.

Arkitektar for Universitetets aula var Harald Bødtker og Holger Sinding-Larsen. Arkitekt for Domus Media hadde vore Christian H. Grosch, som hadde fått assistanse av den namngjetne tyske arkitekten Karl Friedrich Schinkel.

Universitetes aula var hovudarenaen for symfonikonsertar og andre konsertar i Oslo før Konserthuset vart bygd, og er framleis ofte nytta som konsertlokale på grunn av god akustikk, høveleg storleik og sentral plassering.

Bakgrunnsstoff endre