University of Florida

University of Florida (UF) er eit delstatseigd, forskingsbasert sea-grant- og land-grant-universitet i Florida i USA, med campus i Gainesville.

University of Florida


Grunnlagt1853
Typedelstateigd
StadGainesville i Florida
Studentar49 500, 41 823 (1. september 2021)
Tilsette15 880 (september 2020)
MedlemskapAssociation of Research Libraries, arXiv, ORCID, Center for Research Libraries
Nettstadhttps://www.ufl.edu/ (engelsk)
Kart
University of Florida
29°38′51″N 82°20′42″W / 29.6475°N 82.345°W / 29.6475; -82.345
Stephan R O'Connell Center Dome, UF.
Baugham Center, Lake Alice.
Ben Hill griffin Stadium.

UF er den nest største campusen for høgare utdanning i USA. Budsjettet er om lag 23 mrd kroner årleg.[1] På grunn av høg kvalitet på fleire av fagtilboda (særleg ved det såkalla Honours program) vert universitetet tidvis rekna til gruppa Public Ivy - dei 10–30 beste offentlege universiteta i USA. Både studentane og forskarane kan vise gode resultat. Eit resultat av forskinga ved UF er sportsdrikken Gatorade.[2]

Historie

endre

Det vart grunnlagt i 1853 som East Florida Seminary, medan Florida Agricultural College (FAC) frå 1884 var ein annan forløpar – som samstundes var det første land-grant-universitet i delstaten. Gainesville vart vald til campus i 1905.

I åra 1945–1947 var det enorm søking frå heimvendte krigsveteranar, og den store tilstrøyminga vart avlasta ved å bygge eit tilleggscampus i Tallahassee. Etter to års drift vart derimot denne campusen sjølvstendig og utvikla seg til dagens Florida State University.

I 1958, etter 106 år, fekk svarte studentar tilkomst til University of Florida.

Skular og studenttilhøve

endre

Dei 17 collega arrangerer i alt 123 mastergradsprogram og 76 doktorgradsprogram, ved i alt 87 skular og fakultet. Desse er:

  • J. Hillis Miller Health Science Center (1956) - 6159 studentar
    • University of Florida College of Dentistry
    • University of Florida College of Public Health and Health Professions
    • College of Medicine at the University of Florida
    • University of Florida College of Nursing
    • University of Florida College of Pharmacy
    • University of Florida College of Veterinary Medicine
  • University of Florida College of Engineering (1910) - 6 935 studentar
  • Warrington College of Business (1926) - 6 339 studentar
    • Fisher School of Accounting
  • University of Florida School of Journalism (1916) - 3 000 studentar
  • University of Florida College of Liberal Arts and Sciences (1910) - 1 400 studentar
    • Bob Graham Center for Public Service
  • Fredric G. Levin College of Law (1909) - 1 153 studentar
  • University of Florida College of Health and Human Performance (1946) - 2004 studentar
  • University of Florida College of Agricultural and Life Sciences (1964)
    • Institute of Food and Agricultural Sciences
  • University of Florida College of Design Construction and Planning (1925) - 1 500 studentar
    • M.E. Rinker Sr. School of Building Construction
  • University of Florida College of Education (1906) - 1 900 studentar
    • P.K. Yonge Developmental Research School
  • University of Florida College of Fine Arts (1975) - 900 studentar
  • University of Florida Division of Continuing Education

University of Florida har 50 882 studentar og 2 311 vitskapeleg tilsette i 2006, og i haustsemesteret same år var skulepengane på årsbasis US$ 3 206 for studentar folkeregistrert i delstaten Florida. Studentane representerer meir enn 100 land.

Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå i fleire fag.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: University of Florida