Unni Fossen
norsk langrennsløpar
Unni Fossen, fødd Trondseth, (fødd 1952) er ein tidlegare langrennar frå Trondheim. Ho vart norsk meister på 10 kilometer under Ski-NM 1975. Fossen var medlem av Nidelv Idrettslag.
Unni Fossen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1952 (72 år) |
Idrett | langrenn |
Fossen stega inn i toppen av norsk kvinne-langrenn vinteren 1974. I Ski-NM 1974 i Selbu vann ho bronsemedaljen på 5 km og vart nummer 4 på 10 km. Under verdsmeisterskapen i Falun overraska ho med ein sjetteplass på 5 km, best av dei norske kvinnene. Ved noregsmeisterskapen 1975 i Flatebygd vann ho NM-gull på 10 km, 23 sekund framom Marit Myrmæl. Tre år seinare tok Fossen NM-bronse på 5 km på Konnerud, la så opp etter sesongslutt.