Marit Myrmæl (fødd 20. januar 1954) er ein norsk, tidlegare langrennsløpar frå Meldal i Sør-Trøndelag. Ho sikra seg fire gullmedaljar i norske meisterskap på ski i tida 1976-79, og fekk ein bronsemedalje med Noregs stafettlag under vinter-OL 1980 i Lake Placid. Sonen Daniel Helgestad er langrennar på nasjonalt toppnivå.

Marit Myrmæl


Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. januar 1954 (70 år)
Meldal kommune
Idrett langrenn, friidrett
Tok del i

Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1980, Ski-VM 1982

Aktiv endre

Den 19-årige Myrmæl imponerte stort då ho under NM 1973 tok bronsemedaljen på 10 km på Lillehammer, og sidan sølvmedaljen på 5 km på Fåberg, begge tevlingane vart vunne av Berit Mørdre Lammedal. To år seinare tok Myrmæl sølv på begge NM-distansane, på 5-kilometeren var ho i mål 1,6 sekund bak vinnaren Aslaug Dahl. I 1976 vart ho noregsmeister for fyrste gong då ho vann ein klar siger på 5 km i Surnadal, på 10 km kom ho på bronseplass. Ho deltok i vinterleikane 1976 i Innsbruck, utan å markere seg.

Under ski-NM på Røros i 1977 kjempa Myrmæl mot Berit Kvello om alle tre NM-tittlane. Kvello vann både 5 km og 10 km, med Myrmæl på andreplass, men på 20 km var rollene snudd, Myrmæl sigra med Kvello 19 sekundar bakom. Sesongen etter tok Myrmæl på ny NM-sølvmedaljane på 5 km og 10 km, medan ho då vart nummer tre på 20 km. I 1979-sesongen deltok ikkje nygifte Berit Aunli, før Kvello, og Myrmæl gjekk inn til NM-gull på 10 km i Steinkjer og på 20 km i Rindal.

I OL-sesongen var Berit Aunli tilbake i langrennsløypa, og sigra i alle tre NM-løpa. Myrmæl tok sølvet på 5 km og bronsen på 5 km. Både Myrmæl og Aunli var sentrale då Noreg tok bronse på stafetten under OL 1980 i Lake Placid; Brit Pettersen og Anette Bøe gjekk dei to fyrste etappane for Noreg.

Etter 1980 fekk Noreg mange unge, flinke kvinnelege langrennarar og kampen om medaljane og representasjonsoppgåvene hardna til. Myrmæl gjekk sitt beste meisterskapsløp då ho under VM i Oslo i 1982 kom på sjetteplass, men ho fekk ikkje plass på det norske laget i 4x5 km stafett. Ho tok NM-sølv på 20 km både i 1982 og 1983, begge gongane slått av Brit Pettersen. Sølv fekk ho også på 10 km i 1983, då bakom Anne Jahren, og på 10 km året etter, endå ein gong bakom Pettersen. I den sjølvsame OL-sesongen 1984 vart Myrmæl nummer sju på 10 km under OL i Sarajevo. Ved sesongslutt la ho opp som langrennsløpar.

Myrmæl var seinare ei tid styremedlem i Norges Idrettsforbund.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar