Untxillaitz

Untxillaitz, Untxillaitx, Untxillaitx eller Untzillatx er eit fjell i Bizkaia i regionen Baskarland i Spania med ei høgd på 934 meter over havet.

Untxillaitz
fjell
Untxilaitz 1JPG.jpg
Untxillaitz
Land Flag of Spain.svg Spania
Område Bizkaia
Fjellkjede Baskarfjella
Høgd 934 moh.
Primærfaktor 375 m
Lettast tilkomst Frå Mañaria og Oraietapasset.
Koordinatar 43°07′43.82″N 02°38′38.29″WKoordinatar: 43°07′43.82″N 02°38′38.29″W

Untxillaitz
43°7′44″ N 2°38′38″ W
Wikimedia Commons: Untzillaitz

Fjellet er ein del av Urkiolafjella, men ligg ikkje langs same ryggen som Anboto. Fjellet består av kalkstein.

Fjellet dannar Atxartepasset i lag med nabofjellet Aitz Txiki og ligg i dalane Mendiola og Mañaria. Det er oppretta dagbrot på begge sider av fjellet, men den ved Atxarte er ikkje lenger i drift.

På nordsida av fjellet ligg ein knaus kalla Urresti. Denne er populær hos fjellklatrarar og fleire gribbar hekkar her.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra