Uppsala domkyrkje
Uppsala domkyrkje (svensk Uppsala domkyrka) er ein svensk katedral i fransk gotisk stil. Han er stiftskatedral for erkestiftet, forsamlingskyrkje for domkyrkjeforsamlinga i Uppsala og riksheilagdom for den svenske kyrkja. Kyrkja er den største i nord-Europa (118,7 meter høgt tårn og om lag like lang på lengda), og den store kyrkjeklokka (Storan) er den største i Sverige.
Uppsala domkyrkje | |||
| |||
Stil | Teglstensgotik | ||
---|---|---|---|
Uppsala domkyrkje 59°51′29″N 17°38′00″E / 59.858055555556°N 17.633333333333°E |
Kvart år kjem ein halv million menneske til Uppsala domkyrkje, mellom anna for å feire gudsteneste og høyre på konsertar. Mellom kyrkjeskattane finn ein mellom anna det forgylte skrinet med replikkane til Erik den heilage, som er plassert ved høgaltaret. Også Gustav Vasa og Carl von Linné er gravdlagde i Uppsala domkyrkje. I det nordlege tårnet ligg det i dag eit museum med kyrkjelege tekstilar. Ved den sørlege portalen kan ein finne ein oppsetting av steinfigurar frå 1300-talet.
Historia til kyrkja
endreEtter ein brann i den tidlegare domkyrkja (i Gamla Uppsala) gav paven tillating til å flytte bispesetet frå Gamla Uppsala til Nya Uppsala. Ein byrja å leggje planara for kyrkjebygget allereie i 1258.
I delar av perioden då kyrkja vart bygd herja pesten i Sverige og den politiske stoda var ustabil som følgje av ymse konfliktar, tronstridar m.m. Dessutan vart bygget ramma av ras. Fyrst i år 1435 vart den nye domkyrkja innvigd av erkebiskopen Olaus Laurentii. Domkyrkja har gjennomgått fleire store gjennomgripande oppussingar, mellom anna etter bybrannen i 1702 då m.a. begge tårnspira rasa. Arkitekten Carl Hårleman leidde restaureringa etter brannen och lét då tårna få barokkstil. Dette vart på 1800-talet, under leiing av Helgo Zettervall, erstatta av dei tårna i fransk gotisk stil som i dag prydar kyrkja. I åra 1886-93 vart domkyrkja restaurert att; denne gongen var Emil Viktor Langlet ansvarleg arkitekt.
Domkyrkja har gjennom heile si historie vore eit levande gudstenesterom. I mellomalderen vart ho brukt til dei daglege gudstenestene til erkebiskopen og domkapittelet og alle kora hadde kvart sitt altar. Sidan reformasjonen har domkyrkja vore sentrum for gudstenstelivet til domkyrkjeforsamlinga. I midten er høgmessa kvar søndag klokka 11. Dessutan er det messer og bønegudstenester alle kvardagar. Sturekoret fungerer som ein avskild stad for mindre gudstenester og kyrkjelega handlingar (dåp og vigsel). Domkyrkja har også eit rikt musikkliv med musikkgudstenester og konsertar.
Kjende personar som er gravlagde i Uppsala domkyrkje
endre- Erik den heilage, svensk konge 1156-1160.
- Birger Persson frå Finsta (1327), lagmann i Uppland, og hustrua hans, Ingeborg Bengtsdotter (1314).
- Laurentius Petri d.e., erkebiskop.
- Gustav Vasa, konge 1523-1560.
- Katarina av Sachsen-Lauenburg, den fyrste hustrua til Gustav Vasa.
- Margareta Leijonhufvud, den andre hustrua til Gustav Vasa.
- Katarina Stenbock, den tredje hustrua til Gustav Vasa.
- Johan III av Sverige, son til Gustav Vasa.
- Katarina Jagellonica, den fyrste hustrua til Johan III.
- Gunilla Bielke, den andre hustrua til Johan III.
- Magnus Stenbock, ein av hærførarane til Karl XII.
- Carl von Linné d.e., svensk verdskjend professor i medisin og botanikk vid Uppsala universitet.
- Carl von Linné d.y., son til Linné d.e.
- Emanuel Swedenborg svensk mystiker, skapare av samfundet Swedenborgskyrkan.
- Nathan Söderblom, ärkebiskop 1914-1931.
Andre stader/bygningar i Uppsala
endreReferansar
endre