Uqair (arabisk عقير) er ei gammal borg av islamsk opphav i Austprovinsen i Saudi-Arabia. Namnet vert òg skrive Al-'Uqair, Uqayr, og Ogair. Somme har knytt borga til den gamle byen Gerrha som er nemnd i greske og romerske kjelder. Staden var òg åstad for ein konferansen i 1922 der Uqair-protokollen vart gjeven ut, som var med å stadfeste dei moderne grensene til Saudi-Arabia.

Uqair
عقير
borg
Uqair
Land  Saudi-Arabia
Provins Austprovinsen
Koordinatar 25°38′35″N 50°12′52″E / 25.64306°N 50.21444°E / 25.64306; 50.21444
Kart
Uqair
25°38′35″N 50°12′52″E / 25.6431°N 50.2144°E / 25.6431; 50.2144

Borga ligg kring 80 km nordaust for den frodige oasen Al-Hasa på austkysten av Persiabukta. På denne gamle staden ligg ruinane av ei stor borg som no markerer staden med same namn. Den noverande strukturen er av ukjent opphav. Det er absolutt ikkje klårt kven som bygde borga som måler 50 meter på kvar side og som består av ein steinvoll toppa med jordsteinar. [1].

Plassering endre

Dagens Uqair ligg kring 90 km sør for Dhahran, eit anlegg for Saudi Aramco. Borga ligg kring 80 km nordaust for den frodige oasen Al-Ahsa og byen Hofuf ved austkysten av Persiabukta, langs ei rett linje mellom oasen og øystaten Bahrain.

Kjelder endre

  1. Gulf of Perisa in Antiquity, Vol. II, D.T. Potts, P. 56