Uralhavet var eit lite urhav som låg mellom Siberia og Baltica. Havet oppstod i sein ordovicium då store øyar frå Siberia kolliderte med Baltica, som no var ein del av det mindre superkontinentet Euramerika. Øyane førte òg til at forgjengaren til Uralhavet, Khantyhavet, lukka seg. I devontida byrja Uralhavet å krympe fordi Siberia og Kasakhstania nærma seg Baltica. Frå sein devon til mississipitida vart Uralhavet eit sund. I karbontida kolliderte dei tre kontinenta og skapte Uralfjella, medan havet vart heilt lukka. Dette førte til at superkontinentet Pangaea oppstod.

Sjå òg endre

Kjelder endre