Kasakhstania var eit lite kontinent som i dag ligg i indre område av Asia. Det bestod av områda nord og aust for Aralsjøen, sør for Sibir og vest for Altajfjella og Balkhasjsjøen. Politiske består det av det meste av Kasakhstan og har eit totalt areal p om lag 1,3 millionar km². Junggar-bekkenet i Xinjiang i Kina er òg ein del av Kasakhstania, men vert stundom kalla Junggar-blokka.

Ein meiner at Kasakhstania hovudsakleg bestod av fleire vulkanske øybogar frå paleozoikum og nokre mindre kontinentale terran. Desse slo seg saman under ordovicium og danna eit eige kontinent. Under karbontida og permtida kolliderte Siberia med Kasakhstania og danna Altajfjella, og seinare kolliderte Baltica i kontinentet, noko som førte til den uralske orogensene. Dette danna grunnlaget for det meste av dagens Eurasia.

Kasakhstania er hovudsakleg flat, berre i aust, nær Karaganda er det fjell og desse stig til omkring 1500 meter oevr havet i Tarbagatajfjella.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre