Uran-thorium-datering
Uran-thorium-datering er ei form for radiometrisk datering basert på radioaktiv nedbryting av uranisotopar som i prosessen vert brotne ned til thorium (Th230).
Sidan startmaterialet er vassløyseleg, medan sluttproduktet ikkje er det, kan til dømes vassoppløyst U238 og U235 trenge ned i holer og bindast i kalktuff og stalagmittar, som på avsettingstidspunktet ikkje inneheld nedbrytingsprodukt av uran. Det radioaktive uret startar då å tikke, og ved å måle mengda nedbrytingsisotopar kan ein finne alderen på kalklaget.
Med denne metoden er det mogeleg å datere prøver med ein alder av i overkant av 500 000 år.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Uran-thorium-datering» frå Wikipedia på bokmål, den 19. november 2013.