Ein urmakar er ein handverkar som lagar, reparerer og/eller sel ur. Ein faglært urmakar skal kunne hjelpe ein kunde i val av ur og andre produkt og tenester, vurdere lønnsemda av ein reparasjon og kunne reparere og gjere vedlikehald av ulike typar ur.

Urmakar i arbeid

Urmakarfaget høyrte i Noreg opphavleg til smedhandverket. Det meste av ur- og klokkemakari vart først drive som husindustri på bygdene. Vanlegvis gjekk urmakarar under nemninga klokkemakarar. Den første kjende, norske urmakaren er Peder Jensen Nøttestad frå Stange, som fekk privilegium som urmakar i Christiania i 1734. Utover på 1700-talet fekk faget sterkt oppsving. Den første samanslutninga var Christiania Uhrmagerforening frå 1883. Norges Urmakerforbund vart stifta i 1903.

Kjelder endre