Urup (russisk Уру́п) er ei elv i Karatsjajevo-Tsjerkessia og Krasnodar kraj i Nord-Kaukasus Russland og ei av sideelvane til Kuban frå venstre. Elva er 231 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 220 km². Elva har ei middelvassføring på 16,5 m³/s.

Urup
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 3 220 km²
Lengd 231 km
Middelvassføring 16,5 /s
Munning Kuban
Kart
Urupelva
43°40′35″N 40°58′35″E / 43.6764°N 40.9764°E / 43.6764; 40.9764
Wikimedia Commons: Urup River

Elva spring ut frå fjellet Urup (3232 moh) og startar som ei fjellelv. Enkelte år frys elva til frå desember til februar.

Ved munningen i Kuban ligg byen Armavir.

Kjelder

endre