Usjajka
Usjajka (russisk Уша́йка) er ei elv i Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Tom frå høgre. Elva er 78 km lang.
Usjajka | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 78 km | ||
Munning | Tom | ||
Usjajka 56°18′46″N 85°29′36″E / 56.3128°N 85.4933°E | |||
Wikimedia Commons: Ushaika River |
Usjajka spring ut frå Kuznetsk Alatau, ei nordleg fortsetjing av Altajfjella. Ho munnar ut i Tom nær sentrum av Tomsk.
I følgje ei lokal segn kjem namnet frå ein unggut, Usjaj (russisk Ушай). Han var kjærasten til den vakre Toma, som gav namn til elva Tom.[1]
Usjajka var farbar på 1800-talet, men vert ikkje lenger nytta til skipsfart. Usjajka deler Tomsk i ein nordleg og ein sørleg del, og det er over ti bruer som kryssar ho her. I den øvre delen renn elva gjennom skogområde og vatnet er kaldt, sjølv midt på sommaren, og klårt. I nærleiken av Tomsk vert derimot vatnet i Usjajka skittent på grunn av industri og utsleppp i området.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ushayka River» frå Wikipedia på engelsk, den 2. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Segna om Usjaj Arkivert 2011-07-21 ved Wayback Machine. (russisk)