Ustia (russisk Устья) er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Vaga frå høgre i nedslagsfeltet til Vaga.

Ustia
elv
Land Russland
Nedslagsfelt 17 500 km²
Lengd 477 km
Middelvassføring 92,4 /s
Munning Vaga
Kart
Ustia
61°12′16″N 45°44′50″E / 61.204444444444°N 45.747222222222°E / 61.204444444444; 45.747222222222
Wikimedia Commons: Ustya River

Ho er 477 km lang, har eit eige nedslagsfelt på 17 500 km² og 107 km frå munningen ei middelvassføring på 92,4 m³/s.

Ved elva ligg landsbyen Oktiabrskij, sentrum i Ustianskij rajon.

Dei største sideelvane hennar er Lojga, Kotsjkurga og Koksjenga, alle frå venstre.

Elva frys til seint i oktober eller i november og er islagd til slutten av april eller byrjinga av mai. Frå april til juni er det vårflaum.

Kjelder endre