Utsira Radio

Tidlegare kystradiostasjon på øya Utsira
(Omdirigert frå Utsira radio)

Utsira Radio var ein kystradiostasjon som var i drift på øya Utsira i Rogaland i tidsromet 1919-1940.

Utsira Radio is located in Rogaland
Plasseringa til Utsira Radio

Det kom telegraflinje i sjøkabel til Utsira i 1869. Bakgrunn for det var øya si betydning under sildefiskeria. Denne lina, som seinare og vart brukt til telefon, var utsett og i lange perioder ute av drift. Då Marinen, frå 1912 tok til å bygge kystradiostasjonar, vart Utsira ein aktuell stad.

Det vart bevilga midlar til stasjonen i 1914. Same året vart og plassering bestemt. Under 1. verdskrigen vart det vanskeleg å få tak i ytstyr. Arbeidet med stasjonen kom i gang att i november 1918, og etter nokre månader med prøvedrift, starta ordinær drift 7. juni 1919. Stasjonen dekte Nordsjøbassenget og den delen av kysten som låg i skugge for sendaren på Rundemanen. A/S Norsk Marconicompani leverte sendaren, ein 35 kW gnistsendar.

Etter kvart som radiokringkasting vart vanleg, fekk mange lyttarar problem med støy frå dei store gnistsendarane. Dette, og at det etter kvar kom fleire kystradiostasjoar, gjorde at det vart på tale å legge ned Utsira Radio. Men stasjonen vart førd vidare og noko utbygd og modernisert, tidelg på 1930-talet.

Sendaren på Utsira Radio vart øydelagd av tyske representantar 10.april 1940. Stasjonen vart nytta av tyskerar utover i krigen. I november1944 og januar 1945 vart stasjonen bomba av engelske fly. Stasjonen brann. Han vart ikkje oppattbygd etter krigen. Utsira radio leia fleire redningoperasjonar til sjøss. Dei kjendaste var då dampskipa «Trym» og «Karmt» kom i havsnaud i Nordsjøen i januar 1937.

Kjelder endre