Rundemanen
fjell
Land  Noreg
Område Bergen (Vestland)
Fjellkjede Dei sju fjella
Høgd 568 moh.
Kart
Rundemanen
60°25′0″ N 5°22′0″ E
Wikimedia Commons: Rundemanen

Rundemanen (568 moh) er eit av dei sju fjella kring Bergen. Toppen er ein del av det same fjellmassivet som Ulriken og Fløyfjellet og er ikkje lett synleg frå Bergen sentrum, og blir av somme ikkje rekna blant dei sju fjella – til fordel for AskøyfjelletAskøy.

Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur er Rundemanen det nest siste fjellet ein går over. Då har ein gått over Lyderhorn, Damsgårdsfjellet, Løvstakken, Ulriken og Fløyfjellet, og etter Rundemanen står Sandviksfjellet for tur.

I 1912 vart kystradiostasjonen Bergen Radio etablert på Rundemanen.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.