Uzungöl (tyder langsjøen) er ein innsjø sør for byen Trabzon i Tyrkia. I løpet av åra har han vorte ein stor turistattraksjon. Det er òg namnet på ein nærliggande landsby. Innsjøen ligg 99 km frå Trabzon og 19 km frå Çaykara.[1] Innsjøen oppstod då eit jordras blokkerte elva her og danna ei naturleg demning i Haldizendalen..[2]

Uzungöl
innsjø
Uzungöl
Land  Tyrkia
Provins provinsen Trabzon
Del av Uzungöl Nature Park
Tilsig Haldizen
Koordinatar 40°37′9″N 40°17′42″E / 40.61917°N 40.29500°E / 40.61917; 40.29500
Kart
Uzungöl
40°37′09″N 40°17′41″E / 40.61929°N 40.29486°E / 40.61929; 40.29486
Kart som viser Uzungöl.
Kart som viser Uzungöl.
Kart som viser Uzungöl.
Wikimedia Commons: Uzungöl

Området er kjent for den vakre naturen med høge fjell omkring. I nyare år er det bygt fleire hotell, restaurantar og suvernirbutikkar i området. Vegane til området er òg vorte kraftig utbetra.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Uzungöl