Trabzon er ein by ved kysten av Svartehavet nordaust i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Trabzon. Byen har kring 230 000 innbyggjarar.

Trabzon
by
Land  Tyrkia
Provins Trabzon
Del av Eastern Karadeniz
Høgd moh.
Koordinatar 41°00′N 39°44′E / 41.000°N 39.733°E / 41.000; 39.733
Areal 4 685 km²
Folketal 230 399 [1]
Folketettleik 49 / km²
Borgarmeister Orhan Fevzi Gümrükçüoğlu
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 61xxx
Retningsnummer (+90) 462
Bilnummer 61
Kart
Trabzon
41°00′18″N 39°43′21″E / 41.005°N 39.7225°E / 41.005; 39.7225
Wikimedia Commons: Trabzon

Trabzon, som ligg langs den historiske Silkevegen, vart ein smeltedigel for religionar, språk og kultur i fleire hundreår og ein inngangsport for handelsrutene til Iran i søraust og Kaukasus i nordaust.[1] Venetianske og genuesiske handelsfolk vitja Trapezunt i mellomalderen og selde silke, lin og ull. Republikken Genova hadde ein viktig handelskoloni i byen på linkande måte som i Galata nær Konstantinopel (nord for Det gylne hornet) i dagens Istanbul.[2] Trabzon danna grunnlaget for fleire statar gjennom den lange historia si og var hovudstad i keisarriket Trapezunt mellom 1204 og 1461. I den osmanske perioden vart Trabzon ein viktig hamneby og senteret for handel med Iran og Kaukasus.

Byen har eit sterkt mellomalderpreg. Det meste av den gamle bymuren er bevart samt fleire kyrkjer, moskear og anna. Byen har hatt universitet sidan 1963.

Byen har vore frihandelssone sidan 1992.

Historie endre

Den greske kolonien Trapezus vart lagt frå Sinope på 500-talet fvt. Byen var hovudstad i den romerske provinsen Pontus, og frå 1204 til 141 var han hovudstad i keisarriket Trapezunt. Byen har gjennom fleire tusen år vore ein viktig hamne- og handelsby, og var i mellomalderen startpunkt for karavanevegane austover.

I 1895 vart byen åstad for ein massakre på armenarane. Byen hadde ein stor armensk folkesetnad fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen.

Klima endre

Trabzon har eit klima typisk for Svartehavsregionen med mykje nedbør. Under Köppen si klimaklassifisering har han maritimt klima (Cfb).[3] med varme og fuktige somrar, og ein normal maksimumstemperatur kring 27 °C i august. Vintrane er kjølige og fuktige, og den lågaste normale minimumstemperaturen er kring 5 °C i januar. Det kjem mest nedbør på hausten og vinteren, men langt mindre om sommaren. Det er forholdsvis vanleg med snø mellom desember og mars. Snøen fell ofte tungt når han først kjem og ligg gjerne ei veke eller to. Vatnet langs kysten er alltid kjølig med temperaturar mellom 8 og 20 °C gjennom året.

Vêrdata for Trabzon
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 24,3 26,4 33,1 35 37,8 35,9 37 34,8 33,2 32,7 30,3 26,4 37,8
Gjennomsnittleg maks °C 10,8 10,9 12,3 15,8 19,1 23,5 26,3 26,9 23,9 20,1 16,2 12,9 18,2
Gjennomsnittleg min °C 4,4 4,3 5,6 8,8 12,8 16,9 20 20,3 17,2 13,5 9,3 6,3 11,6
Lågast målte °C −4,6 −6,1 −5 −2 5,4 10,3 13,5 13,8 9,4 3,8 1 −3,1 −6,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 74 60,7 58,8 58,8 50,9 49,2 37,3 46,5 77 119,5 100,2 83,5 816,4
Gns. luftfukt (%) 69 69 73 75 77 75 73 73 74 73 70 68 72
Gns. solskinstimar i månaden 83,7 89,6 105,4 129 176,7 210 179,8 167,4 150 133,3 108 80,6 1 613,5
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[4]Weatherbase[5]

Kultur endre

Den lokale fotballklubben Trabzonspor var lenge den einaste tyrkiske fotballklubben utanfor İstanbul til å vinna Süper Lig.[6]

Kjelder endre

  1. Trabzon (tr)
  2. William Miller (2009). The Latin Orient. Bibliobazaar LLC. s. 51–54. ISBN 1-110-86390-X. 
  3. Peel, M. C.; Finlayson, B. L.; McMahon, T. A. (2007). «Updated world map of the Köppen-Geiger Klima classification» (PDF). Hydrology og Earth System Sciences 4 (2): 439–473. doi:10.5194/hessd-4-439-2007. Henta 27. februar 2011. 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. mars 2014, henta 23. august 2012 
  5. http://www.weatherbase.com/weather/weatherall.php3?s=83071&refer=&einings=us&cityname=Trabzon-Turkey
  6. «Club History». Trabzonspor. Henta 3 May 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Trabzon