Považský Inovec

(Omdirigert frå Váh Inovec)

Považský Inovec eller Váh Inovec er ei fjellkjede vest i Slovakia, kalla opp etter elva Váh. Ho er 48 km lang og 15-25 km brei og strekkjer seg frå byen Hlohovec, ved Dei donauske åsane og stig sakte nordover til byen Trenčín der ho grensar til Strážovfjella. Her ligg òg det høgaste fjellet i kjeda, Inovec (1042 moh). Fjellkjeda er eit vasskilje mellom nedslagsfelta til elvane Váh og Nitra.

Považský Inovec

Det er mange monument i eller nær fjella, inkludert det stormoraviske åsfortet Kostolec nær Ducové, Hlohovecborga nær Hlohovec, Beckovborga nær Beckov, Topoľčanyborga og Tematínborga. Den kjende krustaden Piešťany ligg ved foten av Považský Inovec.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Považský Inovec

48°40′N 18°00′E / 48.667°N 18.000°E / 48.667; 18.000