Väinö Viktor Muinonen (30. desember 189810. juni 1978) var ein finsk langdistanseløpar frå Lauritsala i Södra Karelen som i 1938 vart europameister i maratonløping.

Väinö Muinonen


Statsborgarskap Finland
Fødd 30. desember 1898
Villmanstrand
Død 10. juni 1978 (79 år)
Imatra
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1936

Muinonen vart femtemann i maratonløpet under dei olympske sommarleikane 1936 i Berlin. To år seinare vann han gullmedaljen på distansen ved europameisterskapen i Paris. I den fyrste internasjonale meisterskapen etter andre verdskrigen, friidretts-EM i Oslo, sikra han seg sølvmedaljen i maraton, 13 sekundar føre Jakov Punko frå Sovjetunionen, hans eigen landsmann Mikko Hietanen vann løpet og syrgde for at den finske dominansen i maraton heldt fram, til dess sprang finske løparar inn til siger i maraton under europameisterskapane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre