Opna hovudmenyen

Koordinatar: 58°22′44.540″N 12°19′31.033″E

Hamngatan ved Gamla Hamnkanalen.
Vänersborg cirka 1700.

Vänersborg er ein by i Sverige og administrasjonssenter i Vänersborg kommune i Västra Götalands län. Vänersborg var før 1971 eigen kommune og var før länssamanslåinga i 1998 residensby i Älvsborgs län. Vänersborg er no sete for den politiske leiinga i Västra Götalandsregionen (regionhovudstad i Västra Götalands län).

Vänersborg fekk bystatus 1. februar 1644 av Dronning Kristinas formynderregjering. Sjøfarten har alltid vore viktig i Vänersborg då staden ligg mellom den største innsjøen i Sverige, Vänern, og mot sør hamnebyen Göteborg via Göta älv. Den svenske monarken går annankvar haust på elgjakt på fjella Halleberg og Hunneberg, som ligg i Vänersborg kommunane. Denne tradisjonen går attende til Gustav Vasa si tid.[1] Staden har òg eit eventyrbad, Vattenpalatset, med 300 000 vitjande årleg.[2] Forfattaren, komponisten og trubaduren Birger Sjöberg gav Vänersborg tilnamnet Lilla Paris.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vänersborg