Väsman er ein innsjø sør i Dalarna i Sverige. Han ligg nord for Ludvika, i øvre delen av Kolbäcksåns vassystem. Innsjøen har ei overflate på 40 km², og er 56 meter på det djupaste. Han ligg om lag 155 meter over havet, og er omkring 14 km lang i nordvestleg-søraustleg retning, med ei breidd på 1,5–6 kilometer. Kolbäcksån går gjennom innsjøen.

Väsman med Ludvika i bakgrunnen

Tidlegare var det dampskipstrafik på sjøen. På den austre breidda av Väsman ligg Brunnsviks folkhögskola. Under sjøen ligg eit omfattande jernmalmfelt som er berekna til 640 millionar tonn. Nordic Iron Ore melde i 2011 at dei ville prøva utvinna det.[1]

Kjelder endre

  1. Järnskatten som SSAB missade Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine., Ny Teknik 2011-10-10

60°11′23″N 15°4′24″E / 60.18972°N 15.07333°E / 60.18972; 15.07333