Ver Varsam-plakaten

(Omdirigert frå Vær Varsom-plakaten)

Ver Varsam-plakaten, bokmål Vær Varsom-plakaten, er eit sett med etiske normer som Norsk Presseforbund har vedteke for trykt presse, radio, fjernsyn og internettpublikasjonar, og som Pressens Faglige Utvalg legg til grunn for sine avgjerder. Vær Varsom-plakaten vart skipa i 1936, og har seinare vorte endra og revidert fleire gonger.

Plakaten fastsett mellom anna at den ansvarlige redaktøren skal verne om redaksjonens produksjon av fri og uavhengig journalistikk, og avgjer med endeleg verknad spørsmål om redaksjonelt innhald, finansiering, presentasjon og publisering. Redaktøren har det personlige og fulle ansvaret for innhaldet som vert formidla, og skal opptre fritt og uavhengig overfor personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunner vil påverke det redaksjonelle innhaldet. Både redaktøren og kvar einskild redaksjonell medarbeidar skal verne om sin fridom, integritet og sitt truverde, og halde seg unna dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet. Ein redaksjonell medarbeidar kan ikkje verte pålagt å gjere noko som strider mot eiga overtyding. Kvar redaktør og medarbeidar har eige ansvar for å kjenne til dei etiske normene og plikter å leggje dei til grunn for arbeidet.

Plakaten gjeld heile den journalistiske prosessen, frå innsamlinga av det journalistiske materialet til presentasjonen av det, bruken av kjelder, kjeldevern, krav om tydeleg å skilje mellom reklame og redaksjonelt stoff, omtale av kriminalsaker og andre sakstypar, omtale av sjølvmord og freistnader på sjølvmord, omtale av born, bruk av fotografi. Når born vert omtalt, er det god presseskikk å ta omsyn til kva for konsekvensar medieomtalen kan få for borna eller barnet, sjølv om barnets føresette har samtykka til eksponeringa. Som hovudregel skal ikkje borns identitet gjerast kjent i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker.

Feilaktige opplysningar skal verte retta snarast råd er. Dei som vert utsette for sterke skuldingar skal om mogleg ha høve til samstundes å imøtegå faktiske opplysningar. Debatt, kritikk og formidling av nyhende må ikkje verte hindra av at parter ikkje vil uttale seg eller medverke til debatt. Dei som har vorte utsett for åtak skal snarast råd er få høve til å gje tilsvar, dersom åtak og kritikk ikkje inngår i ei løpande meiningsutveksling. Det skal krevjast at tilsvaret er av rimeleg omfang, held seg til saka og har ei høveleg form.

Bakgrunnsstoff

endre