Véhicule automatique léger

Véhicule automatique léger eller VAL (norsk: «lett automatisk køyretøy») er eit særs lett, førarlaust persontog som vert nytta i metro- eller tunnelbanesystema i byar og større tettstadar, og på interne sporsystem på til dømes flyplassar.

Véhicule automatique léger, type VAL 208, tilhøyrande Métro de Toulouse. Toget har gummihjul.

Opphavleg var bokstavsamansettinga VAL akronym for metrolina Villeneuve – d'Ascq – Lille, som var det fyrste prosjektet med ein automatisk metro av typen véhicule automatique léger i verda.