Volt
avleidd eining for spenning i SI-systemet
(Omdirigert frå V i fysikk)
Volt er ei avleidd SI-eining for måling av elektrisk spenning. Symbolet for volt er V. Eininga har fått namn etter den italienske fysikaren Alessandro Volta.
Definisjon
endreEin volt er definert som potensialforskjellen over ein leiar når ein straum på ein ampere forbrukar effekt tilsvarande ein watt.