Vachellia

planteslekt
Vachellia
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Mimosafamilien Mimosoideae
Stamme: Acacieae
Slekt: Vachellia
Wight & Arn., 1834

Vachellia er ei planteslekt i erteblomfamilien. Plantane i slekta blei tidlegare rekna som del av akasieslekta,[1][2] og er også kjende som tornetre eller akasie. Vachellia kan skiljast frå andre akasietypar gjennom hovuddannande blomestandar og piggete øyreblad.[3] Før oppdaging av den nye verda var europearar i middelhavslanda kjende med fleire Vachellia-artar, som dei kjende som medisinkjelder, og hadde namn for dei arva frå dei gamle grekarane og romarane.[4]

Slekta er vidt utbreidd og finst i ulike opne habitat i tropiske og subtropiske habitat.[5] I delar av Afrika blir Vachellia-artar forma av beitande dyr av ulik storleik og høgde, som gaseller, gerenukar og sjiraffar. Afrikanske plantar i slekta har difor utvikla tornar som vern mot beiting.[6]

Skildring endre

Artane i slekta Vachellia er tre eller buskar, nokre av dei klatrande, og alle har stikkvern. Særleg yngre plantar har torner som er omdanna stiplar eller øyreblad, plassert nær bladstilken. Nokre artar (som V. tortilis, V. hebeclada, V. luederitzii og V. reficiens) har også parvise, tilbakebøygde piggar i tillegg til tornane.[7] Blada sit motsett og er dobbelt fjørflika, der flikane vanlegvis er motsette. The racemose inflorescences usually grow from the leaf axils. Blomane er gule eller kremkvite og sit i kuleform, eller sjeldnare på forlenga piggar, noko som er regelen i den nærskylde slekta Senegalia. Blomane er typisk tokjønna og har fleire støvberarar, men det er funne einkjønna blomar hjå V. nilotica (jf. Sinha, 1971).[8]

Galleri endre

Artsliste endre

Av dei 163 artane som blir rekna til Vachellia stammar 52 frå Amerika, 83 frå Afrika, Madagaskar og Maskarenane, 32 frå Asia og 9 frå Australia og Stillehavsøyane.[9] Vachellia omfattar følgjande artar:[10][1][11][12][2][13][14][15][16]


Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Phylogenetic position and revised classification of Acacia s.l. (Fabaceae: Mimosoideae) in Africa, including new combinations in Vachellia and Senegalia.». Botanical Journal of the Linnean Society 172 (4): 500–523. 2013. doi:10.1111/boj.12047. 
  2. 2,0 2,1 «Taxonomic Revision of the Vachellia acuifera Species Group (Fabaceae: Mimosoideae) in the Caribbean». Systematic Botany 34 (1): 84–101. 2009. doi:10.1600/036364409787602285. 
  3. Dyer C. (2014). «New names for the African Acacia species in Vachellia and Senegalia». Southern Forests: A Journal of Forest Science 76 (4): iii. doi:10.2989/20702620.2014.980090. 
  4. Austin, Daniel F. (2004). Florida ethnobotany Fairchild Tropical Garden, Coral Gables, Florida, Arizona-Sonora Desert Museum, Tucson, Arizona: with more than 500 species illustrated by Penelope N. Honychurch ... [et al.] Boca Raton, FL: CRC Press. s. 58–59. ISBN 9780203491881. 
  5. Shorrocks, Bryan; Bates, William (2014). The Biology of African Savannahs (Biology of Habitats Series utg.). Oxford University Press. s. 231–233. ISBN 978-0198702702. 
  6. Chidumayo, Emmanuel N.; Gumbo, Davison J. (2010). The Dry Forests and Woodlands of Africa: Managing for Products and Services. Routledge. s. 25. ISBN 9781136531378. 
  7. Hyde, Mark; et al. «3446.000 Acacia Mill.—Thorn trees». Flora of Zimbabwe. Henta 6 November 2015. 
  8. «Handbook on seeds of dry-zone acacias, 3. Reproductive biology». fao.org. FAO Corporate Document Repository: Agriculture and Consumer Protection. Henta 6 November 2015. 
  9. Thiele KR. (2011). «The controversy over the retypification of Acacia Mill. with an Australian type: A pragmatic view» (PDF). Taxon 60 (1): 194–198. JSTOR 41059833. doi:10.1002/tax.601017. Arkivert frå originalen (PDF) 26. februar 2021. Henta 28. mai 2022. 
  10. «New combinations in the genus Vachellia (Fabaceae: Mimosoideae) from the New World». Phytologia 87 (3): 139–78. 2005. 
  11. «New combinations in Senegalia and Vachellia (Fabaceae: Mimosoideae)» (PDF). Phytologia 92 (1): 92–95. 2010. 
  12. «New combinations in Senegalia and Vachellia (Leguminosae: Mimosoideae) for Southeast Asia and China.». Blumea 58 (1): 39–44. 2013. doi:10.3767/000651913X669914. 
  13. Maslin B. «List of Acacia sensu lato species». World Wide Wattle. Henta 4 January 2014. 
  14. «New combinations in the genus Vachellia (Fabaceae: Mimosoideae) from Australia». Telopea 11 (2): 233–244. 2006. doi:10.7751/telopea20065723. 
  15. Ali SI. (2014). «The Genus Acacia s.l. in Pakistan» (PDF). Pak J Bot 46 (1): 1–4. 
  16. Boatwright JS, Maurin O, van der Bank M. (2015). «Phylogenetic position of Madagascan species of Acacia s.l. and new combinations in Senegalia and Vachellia (Fabaceae, Mimosoideae, Acacieae)». Bot J Linn Soc 179 (2): 288–294. doi:10.1111/boj.12320. 
  17. Maiden, J. H. (1889). The Useful Native Plants of Australia (including Tasmania). Sydney: Turner and Henderson. s. 3. 
  18. Maslin BR. (2014). «Vachellia bolei (Fabaceae: Mimosoideae), the correct name for a species from India» (PDF). Nuytsia 24: 21–22. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 19,5 Taxon in the V. karroo complex, see: Roland, Dr. Wolf-Achim. «The Acacia (s.l.)-karroo complex, Status 2014». Acacia World. Henta 20 November 2015. 
  20. «Protected Trees» (PDF). Department of Water Affairs and Forestry, Republic of South Africa. 3 May 2013. Arkivert frå originalen (PDF) 5 July 2010. 
  21. Seigler DS, García R, Mejía M, Ebinger JE (2012). «A new species of Vachellia (Fabaceae: Mimosoideae) from Haiti». Journal of the Botanical Research Institute of Texas 6 (1): 45. Arkivert frå originalen 1. mars 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vachellia