Vade retro satana

Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Vade retro satana».

Vade retro satana (omsett «Vik, Satan», «Gakk burt, Satan» eller «Vik bak meg, Satan») er dei fyrste orda av ei katolsk bøn for djevelutdriving.

Jesus freista av djevelen. Måla av Ivan Kramskoï (Kristus i ørkenen).

Denne bøna går i alle fall attende til mellomalderen. Ein har funne ordlegginga i eit verk frå Kloster Metten i Bayern frå 1415.[1][2]

BønEndra

 
Forkorting av den latinske setninga «Vade retro satana...» (V R S... frå toppen og nedetter høgre sida) bak på ein benediktmedaljong.

Den latinske teksten:

Crux sacra sit mihi lux
Non draco sit mihi dux
Vade retro satana
Numquam suade mihi vana
Sunt mala quae libas
Ipse venena bibas

(Heile bøna er forkorta på medaljongillustrasjonen, fyrst på krossen og deretter ringen)

Beinveges omsetting:

Heilag krossen er mitt ljos / Draken er ikkje drotten min
Vik bak meg, satan / Freist meg aldri med fåfengde gjerningar
Det du byder på er vondt / Drikk gifta sjølv.

SogeEndra

«Vade retro satana» liknar ei setning frå markusevangeliet (8:33), der Jesus taler strengt til Peter og seier «Gakk ut or augo mine, Satan! Du hev ikkje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskevilje.»

«Vade Retro Satana» er framleis ein del av katolsk eksorsisme, det noverande ritualet er i De exorcismis et supplicationibus quibusdam.[3]

KjelderEndra

  1. «La Croce di San Benedetto», www.ora-et-labora.net, henta 3. desember 2018 
  2. http://www.osb.org/gen/patterson/02origin.html
  3. De exorcismis et supplicationibus quibusdam. Libreria Editrice Vaticana. 2003. ISBN 88-209-4822-2.