Ivan Nikolajevitsj Kramskoj (8. juni 18375. april 1887) var ein russisk kunstmålar og kunstkritikar. Han var initiativtakar til kunstnarforeininga Peredvizjnikij som vart grunnlagd i 1870.

Ivan Kramskoj

Fødenamn Иван Николаевич Крамской
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 27. mai 1837
Ostrogozjsk
Død

24. mars 1887 (49 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar, kunstkritikar, teiknar
Sjanger portrett, sjangermåleri
Born Sofya Junker-Kramskaya
Signatur
Ivan Kramskoj på Commons

Kramskoj var av småborgarleg bakgrunn, fødd i Ostrogozjsk. Frå 1857 studerte han ved Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg, der han oppnådde to prisar. Då kunstelevane hevda at dei sjølve skulle få velje sine emne, reagerte leiinga av akademiet sterkt avvisande. Seinare, då akademiet som obligatorisk emne for ei tevling sette «Gjestebod i Valhall», braut 14 yngre kunstnar med Kramskoj i spissen ut or den akademiske skulen. Dei danna eit særskilt kunstnarlaug kalla Kunstnarartellet.

Kristus i ørkenen, 1872

Under påverknad av idear frå russiske, revolusjonære demokratar hevda Kramskoj eit kunstsyn der han stilte krav om at kunstnaren skulle tene samfunnet, prinsipp om realisme i kunsten, dessutan moralsk innhald og nasjonalitet i kunsten. Kramskoj vart ein intellektuell leiar for demokratisk innstilte kunstnarar. I 1870 grunnla han saman med likesinna kunstmålarar ei foreining for vandreutstillingar kalla Peredvizjnikij. I alle år var han stødig forsvarar av denne kunstnargruppa sine mål.

Vladimir Solovjov, 1885

Kramskojs kunstnariske styrke låg i portrettet, noko det finst mange prov på i Tretjakovgalleriet i Moskva (Nekrasov, Saltykov-Sjtsjedrin, Grigorovitsj, Tolstoj m.fl.). I dette galleriet finst også hans kjende måleri Kristus i ørkenen og Utrøysteleg sorg (bilete av hustrua hans ved eit barns død). Trass i at Kramskoj var ujamn i sine verk og ikkje hadde lag med større komposisjonar, var han ein av Russlands fremste målarar av si tid. Særleg gjennom opposisjonen mot akademiets forelda stillover hadde han som person stor innverknad på den moderne russisk målarkunsten.

Han døydde der han hadde verka, i St. Petersburg.

Kjelder

endre
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ivan Kramskoj