Vahselbukta

(Omdirigert frå Vahsel Bay)

Vahselbukta (tysk Vahselbucht) er ei bukt som er kring 11 km brei og som ligg i vestleg delen av Luitpold Coast i Antarktis.

Vahselbukta
bukt
Land  Antarktis
Koordinatar 77°49′S 35°7′W / 77.817°S 35.117°W / -77.817; -35.117
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Vahselbukta
77°49′00″S 35°07′00″W / 77.8167°S 35.1167°W / -77.8167; -35.1167
Vahselbukta is located in Antarktis
Vahselbukta (Antarktis)

Bukta får istilførsel frå Schweitzerbreen og Lerchenfeldbreen. Ho vart oppdaga av Den tyske antarktisekspedisjonen 1911–1912, leia av Wilhelm Filchner. Filchner kalla bukta opp etter kaptein Richard Vahsel på ekspedisjonsskipet «Deutschland», som døydde under ekspedisjonen, visstnok av syfilis. Filchner gav seinare bukta namnet Herzog Ernst Bucht etter at store delar av isen kring bukta braut laus og danna ei mykje større bukt, men oppdagarar har sidan gått attende til Vahselbukta.

Kjelder

endre