Vaishnavi
Vaishnavi eller Vaisjnavi er eit ord frå sanskrit som tyder ei som er av Visjnu. Den mannlege forma er vaisjnava. Det er brukt om fleire gudinner innan hinduismen, særleg Lakshmi, som er kona til Vishnu, men òg om modergudinnene Durga og Kali. Ordet blir òg brukt om kvinner som dyrkar hinduguden Vishnu.
Tempelet Vaishno Devi i Jammu er eit populært pilegrimsmål vigd Vaisjnavi. Det blir vitja av fleire millionar menneske kvart år.[1]
Som namn
endreVaishnavi er brukt som jentenamn (også med andre skrivemåtar, som Vyshnavi), og som etternamn.
Namneberarar
endre- Skodespelaren Vaishnavi, indisk filmskodespelar
- Vaishnavi Yellapragada, indisk dansar
- Ragnhild Vaishnavi, norsk komponist
Bakgrunnsstoff
endre- vaisnavi.com Hare Krishna-nettstad frå eit kvinnesynspunkt
Fotnotar
endre- ↑ SiliconIndia News: [http://www.siliconindia.com/shownews/33424 «More pilgrim rush to Vaishno Devi this year» (2006)