Durga er ei av hovudformene til morgudinna i hinduismen. Ho er knytt til styrke, vern, moderskap, krig og øydelegging.[1][2][3] Ho blir vidt dyrka av folk som følgjer den gudinne-sentrerte sekta sjaktisme, og har stor tyding i andre retningar som sjaivisme og vaisjnavisme.[4][5]

Durga

Andre namnsanskrit दुर्गा, Durgā
BarnAshokasundari
Durga i tradisjonell utforming i Burdwan i Bengal.

Ordet Durga (दुर्गा) betyr bokstaveleg ‘uframkomeleg’,[1][6] ‘uovervinneleg, uangripeleg’.[7] Det er i slekt med ordet durg (दुर्ग) som tydger ‘borg, nokoosom er vanskeleg å overvinna eller passera’.

Durga er også kjend som Mahisa-mardini, for å ha drepe bøffeldemonen Mahisjasura.[8] Ho er også kjend som Vindhyavasini (‘ho som bur i Vindhyafjella’).[9] Andre epitet er Mahamoha (‘stor villeiing’), Mahasuri (‘den store ho-demonen’), Tamasi (‘den store natta, villeiingsnatta’).[9]

Innan sjaktisme har Durga mange epitet. Dei ni namn hennar som Navadurga er: Shailaputri, Brahmacharini, Chandraghanta, Kushmanda, Skandamata, Katyayini, Kalaratri, Mahagauri og Siddhidatri.

Framstilling

endre

Durga blir framstilt som ei vakker og mektig kvinne. Ho har ei løve eller ein tiger som ridedyr (vahana).[10] Gudinna blir ofte framstilt med fleire par armar som held ulike våpen, og kan visast i kamp mot demonar[11][12][13][14] eller med ein demonkonge ho har sigra over, Mahisjasura, ved føtene. Ho er rekna som maken til Sjiva, men opptrer som oftast åleine.

Tilbeding

endre

Durga-dyrking er utbreidd i India, med Bengal, Nepal og Himalaya som viktige kjerneområde. Ho blir ofte dyrka under våp- og hausthøgtider, særleg Durga puja, Durga ashtami, vijayadashami, dipavali og Navaratri.[6][15] Durga-festen eller Durga-podja blir feira om hausten i samband med høgtida navaratri (‘ni netter’).

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bibliografi

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Durga