Vakuumenergi
Vakuumenergi er energi som er att i eit område når all materie og energi som er mogeleg å bli kvitt, er fjerna. Vakuumenergi kan mellom anna kome frå virtuelle partiklar, som ein trur er partikkelpar som brått oppstår og forsvinn att så raskt at det ikkje er mogeleg å observere. Dei er venta å gjere dette overalt i universet. Oppførselen deira er føresagt som ein del av Heisenbergs uskarpsleiksprinsipp for energi og tid, men den eksakte effekten av så flyktige partiklar er vanskeleg å kvantifisere.
Effekten av vakuumenergi er observert gjennom eksperiment i forskjellige fenomen som spontanemisjon, Casimireffekten og lambforskyving, og er trudd å påverke universet på kosmologisk skala. Ved å bruke den øvre grensa for den kosmologiske konstanten er vakuumenergien i ein kubikkmeter tomrom estimert til å vere 10−9 Joule.[1] Men i både kvanteelektrodynamikk (QED) og stokastisk elektrodynamikk (SED), og i følgje prinsippa for Lorentz-kovarians og med storleiken til Planck-konstanten må denne verdien vere større enn 10113 Joule per kubikkmeter.[2][3]
Kjelder
endre- ↑ Sean Carroll, Sr Research Associate - Physics, California Institute of Technology, June 22, 2006C-SPAN broadcast of Cosmology at Yearly Kos Science Panel, Part 1
- ↑ Peter W. Milonni - "The Quantum Vacuum"
- ↑ de la Pena and Cetto "The Quantum Dice: An Introduction to Stochastic Electrodynamics"
- Denne artikkelen bygger på «Vacuum energy» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- PDF av The Structured Vacuum - thinking about nothing av Johann Rafelski and Berndt Muller (1985) ISBN 3-87144-889-3.
- Saunders, S., & Brown, H. R. (1991). The Philosophy of Vacuum. Oxford [England]: Clarendon Press.
- Poincaré Seminar, Duplantier, B., & Rivasseau, V. (2003). "Poincaré Seminar 2002: vacuum energy-renormalization". Progress in mathematical physics, v. 30. Basel: Birkhäuser Verlag.
- Futamase & Yoshida Possible measurement of vacuum energy
- YAN Kun (2006), Vacuum energy and superluminal velocity[daud lenkje]
- G. Jordan Maclay, (et al.): Study of Vacuum Energy Physics for Breakthrough Propulsion. Arkivert 2011-12-16 ved Wayback Machine. 2004, NASA Glenn Technical Reports Server, (pdf, 57 sider, henta 2009-10-22)