Val-d'Isère
(Omdirigert frå Val-d’Isère)
Val-d’Isère er ein kommune i departementet Savoie i regionen Rhône-Alpes søraust i Frankrike. Kommunen har i kring 1 700 innbyggjarar og eit areal på vel 94 km². Val-d’Isère ligg 5 km frå grensa til Italia.
Val-d’Isère er ein kjend vintersportsstad. Sidan 1969 har det så å seie årleg vore arrangert renn i verdscupen i alpine greiner på staden. Fleire av alpinøvingane under vinter-OL 1992 vart arrangert i Val-d’Isère. Verdsmeisterskapen i alpint 2009 vart avvikla i Val-d’Isère.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Val-d’Isère» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mars 2012.