Rhône-Alpes
Rhône-Alpes | |
![]() | |
Fakta | |
Hovudstad | Lyon |
Regionspresident | Jean-Jack Queyranne |
Flatevidd | 43 698 km² |
Folketal | 6 005 000 (2006) Rangering 2 |
Folketettleik | 137 innb./km² |
Arrondissement | 25 |
Kantonar | 355 |
Kommunar | 2 879 |
Geografi | |
![]() Departement |
Rhône-Alpes er ein tidlegare fransk region søraust i Frankrike. Regionen hadde namn etter elva Rhône og Alpane. Frå 1. januar 2016 blei han del av den nye regionen Auvergne-Rhône-Alpes.
Rhône-Alpes var den nest folkerikaste regionen etter Île-de-France, og er takka vere mange ulike næringsgreiner ein rik region. Alt frå landbruk i Ain til turisme i Alpane og høgteknologisk kompetanse i Lyon og Grenoble medverka til å styrka økonomien i regionen.
GeografiEndra
Rhône-Alpes ligg aust i Frankrike. I nord ligg dei franske regionane Bourgogne og Franche-Comté, i vest ligg regionen Auvergne, i sør ligg Languedoc-Roussillon og Provence-Alpes-Côte d'Azur. Dei austlege delane av regionen inneheld dei vestlege delane av Alpane og grensar til Sveits og Italia. Den høgaste toppen er Mont Blanc. I dei sentrale delane av regionen ligg dalane til Rhône og Saône. Desse to elvane renn i hop i Lyon. I dei vestlege delane av regionen er byrjinga av fjellrekkja Massif Central. Regionen grenser òg til Genfersjøen og Annecysjøen. I Ardèche finn ein det djupaste gjelet i Europa.
Som med resten av Frankrike er fransk det einaste offisielle språket i regionen. Mange av innbyggjarane i sør snakkar derimot forskjellige dialektar av oksitansk, men stadig færre nyttar dette språket.
Rhône-Alpes består av følgjande departement: