Val Brembana
Val Brembana er ein dal i Lombardia nord i Italia. Han er kalla opp etter elva, Brembo som renn gjennom dalen.
Dei bergamaskiske Alpane utgjer nordsida av dalen, mest kjend Tre Signori og Diavolo di Tenda, medan Bergamosletta ligg i sør. I aust grensar dalen til Valle Seriana og i vest til Valle Imagna.
Dei største busetnadane i dalen er Zogno, San Pellegrino Terme og Piazza Brembana. Val Brembana er òg kjend for Simone Pianetti-massakeren, der sju mennske vart skoten og drepne i 1914. Pianetti vart aldri tatt for drapa.
Skiområdet endre
Valle Brembana er òg namnet på skiområdet som dekkjer Foppolo, Valtorta og Piazzatorre.
Veg endre
Hovudvegen i Val Brambana er N 470. Dalen er forbunde til Valtellina via Passo San Marco.
Bakgrunnsstoff endre
Kjelde endre
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Val Brembana frå Engelsk Wikipedia .