Valtellina
Valtellina eller Valtelline (tysk Veltlin, retoromansk Vuclina) er ein dal i Lombardia nord i Italia ved grensa til Sveits. I dag er området kjend for skisport, varmekjeldene og osten (særleg Bitto) og vinen som vert produsert her. I mange hundreår var han ein av dei viktigaste passasjane gjennom Alpane til Tyskland og det har vore mange harde kampar for å få kontroll over dalen, særleg under trettiårskrigen.
Geografi
endreDen viktigaste kommunen i dalen er Sondrio og av andre finn ein Aprica, Morbegno, Tirano og Bormio. Livigno, som ligg på nordsida av vasskiljet i Alpane, vert stundom òg rekna som ein del av Valtellina sidan det er ein del av provinsen Sondrio.
Historie
endrePå 1500- til 1700-talet var Valtellina ein del av Graubünden, som då var eit sjølvstendig land, men som i dag er den austlegaste kantonen i Sveits. Graubünden er eit område der det vert tala tysk (alemannisk), retoromansk og italiensk (lombardisk) og på 1500-talet vart området derfor kalla både Veltlin, Westtirol og Welsche Vogteien.
Under napoleonskrigane oppretta franskmennene i 1797 republikken Cisalpine i Nord-Italia. 10. oktober 1797 støtta franskmennene eit opprør i Valtellina mot Graubünden, som vart ein del av Cisalpine.
I regionen nord for Morbegno i Costiera dei Cech lever i dag ei kulturell gruppe som ein meiner er etterkomarane etter frankarar som invaderte Italia på 700-talet.
Området var opphavleg ei blanding retroromansk- og lombardisktalande innbyggjarar, men i dag er italiensk og lombardisk dei dominerande språka.
Vinar
endreI Valtellina vert vinane hovudsakleg produsert av Chiavennasca (det lokale namnet på druesorten nebbiolo). Kvaliteten på vin er generelt høg og dei fleste vinane har nemninga DOC og DOCG. Dei mest kjende raudvinane er inferno, Grumello, Sassella og Sforzato (Sfurzat).
Valposchiavo
endreI den lågare delen av Valposchiavo, i Sveits, vert det òg produsert noko vin, som liknar den italienske vinen, men med andre nemningar og sukkerinnhald.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Valtellina» frå Wikipedia på engelsk, den 27. november 2007.