Val Medel
Val Medel er ein sidedal på høgresida av Surselvadalen i Graubünden i Sveits. Dalen er kring 15 km lang og strekkjer seg frå Disentis (1100 moh) og sørover til han endar ved Lai da Sontga Maria-reservoar ved Lucmagnpasset (1906 moh). Det går ein veg gjennom dalen og over Lucmagnpasset til Ticino.
Dei nedre tre kilometrane i dalen dannar ei smal kløft, kalla Medelserschluch eller Las Ruinas, som opnar opp i den grøne og frodige Trogdalen ved landsbyen Curaglia.
Den einaste kommunen i dalen er Medel (Lucmagn), som består av mange landsbyar, grender og isolerte busetnader på begge sider av dalen. Den største og nordlegaste landsbyen er Curaglia.
Galleri
endre-
Val Plattas, med Piz Medel i midten og landsbyen Medel føre Val Plattas
-
Curaglia, i bakgrunnen Disentis kloster
-
Den sørlege delen av dalen ved Sogn Gagl
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad for kommunen
- Val Medel Arkivert 2012-03-27 ved Wayback Machine.