Val Vignun
Val Vignun er ein fjelldal i kantonen Graubünden i Sveits. Han dannar eit samband mellom Misoxdalen og Rheinwalddalen, parallelt til San Bernardino-passet.
Val Vignun strekkjer seg nordaustover frå San Bernardino mot Val Curciusa, som er ein sidedal til Rheinwald. Han er om lag 5 km lang og vert drenert av Ri de Fontanalba, sm renn ut i Moesa nær San Bernardino.
Piz Uccello ligg nord for dalen og i sør ligg Piz de la Lumbreida.
Galleri
endre-
Sti opp Val Vignun, til venstre Piz Uccello
-
Cassina de Vignun
-
Pian Grand
-
Terrasse i Motta Caslasc
-
Marmorblokk
-
Kjelda til Ri Fontanalba
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Val Vignun» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2012.