Rheinwald
Rheinwald er ein del i kantonen Graubünden i Sveits. Elva Hinterrhein renn gjennom tre dalar i Graubünden og Rheinwald er den høgastliggande av desse.
Rheinwald er om lag 26 km lang og går hovudsakleg frå aust til vest. På begge sider av dalen ligg fjell på over 3 000 meter. Dei høgaste toppane er Rheinwaldhorn (3 402 moh) i vest og Pizzo Tambo (3 279 moh) i sør. Hinterrhein forlet dalen ved inngangen til Roflaschlucht, som skil Rheinwald frå Schamsdalen.
To fjellovergangar fører sørover frå Rheinwald: San Bernardino-passet til Misoxdalen og Splügenpasset til Val San Giacomo i Italia. San Bernardino-tunnelen vart opna i 1967 og er open heile vinteren.
Alle landsbyane i dalen ligg på nordsida av elva i høgder mellom 1 420 og 1 620 moh, ved foten av dei moderate bratte dalsidene på solsida av dalen.
Kommunar
endreDet økonomiske og kulturelle senteret i dalen er Splügen. 'Krinsen Rheinwald' er eit deldistrikt i distriktet Hinterrhein. Det omfattar kommunane Hinterrhein, Nufenen, Splügen og Sufers. Dalen Val Curciusa høyrer orografisk til Rheinwald, men administrativt til Mesocco.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rheinwald» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kurt Wanner: Unterwegs auf Walserpfaden, Chur, 1993, ISBN 3-905241-36-6