Karen Valborg Elisa Stoud Platou (29. august 183929. desember 1928) var ein norsk lyrikar og kulturjournalist som blei den fyrste kvinnelege sjefsbibliotekaren i Noreg.[1][2]

Valborg Platou

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. august 1839
Christiania
Død

29. desember 1928 (89 år)
Bergen

Yrke journalist, lyrikar, bibliotekar
Språk norsk
Far Carl Nicolai Stoud Platou
Valborg Platou på Commons

Biografi endre

Platou gav ut ei diktsamling, Digte i 1868. Dikta er fulle av sakn og lengsle og tvil om meininga med tilværet. Dikta er sett på å ha eit sjølvbiografisk preg, skrivne mens ho var heimeverande embetsmannsdotter. Ho var nemleg dotter av borgarmeister Carl Nicolai Stoud Platou (1809–1888) og Christence Dorothea Plade Nielsen (1817–1889). Broren Lars Hannibal Sommerfeldt Stoud Platou (1848–1923) blei ein kjend psykiater mens ho sjølv vart verande ugift.

Frå 1849 til 1853 gjekk Platou på skule ved den tyskfødde Sophie Wever sitt kvinneinstitutt i Bergen.[1][2] Meir påfyll i språk kom frå språkreiser til København i 1863, Paris i 1881 og ellers til England og Tyskland.

Frå 1869 til 1883 var Platou kulturjournalist for den bergenske «Adresseavisen», De bergenske Adressecontoirs-Efterretninger. Frå 1883 til 1909 var ho medarbeidar i Bergens Aftenblad (etablert i 1880).[3] Det var Morgenavisen som i 1909 anslo at Platou var «den som for Tiden har den længste journalistiske Løbebane at se tilbage paa her i Landet».[4]

 
Valborg Platou fekk samla inn hundre tusen kroner som gjorde at man i 1906 fekk til ein arkitektkonkurranse til det som i 1917 blei opna som det nye Bergen Offentlige Bibliotek.

I 1883 blei Platou «etter skarp konkurranse med tretten mannlige medansøkere»,[2] tilsett ved Bergen Offentlige Bibliotek, som den fyrste kvinnelege bibliotekaren i landet. Dette blei hennar arbeidsplass i 27 år. Under hennar leiing auka samlinga frå 28 000 til 100 000 og det blei samla inn 100 000 kroner til nybygg.[5]

Valborg Platou fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1909. Pengane hadde ho klår i 1905 og det var då etterfølgjaren hennar, Arne Kildal (1885–1972) som fekk sluttført oppbygginga av biblioteket, som stod ferdig i 1917.[6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Trine Kolderup Flaten, Valborg Platou i Store norske leksikon.
  2. 2,0 2,1 2,2 S. H. Finne-Grønn (1953). Slekten Platou i Norge og Danmark. Det Mallingske boktrykkeri. s. 16.  [2. utgave]
  3. Platou, Valborg i Hvem er Hvem, 1912.
  4. Anno 1909 i Aftenposten den 1. februar 1984.
  5. 85 aar i Aftenposten den 27. april 1924.
  6. Jorunn Hareide (født 1940), Norske kvinnetekster 1600–1900 – «Først Kvinde – dernæst Forfatterinde»?, utgitt på Pax i 1992