Valborgsmesseaftan

Wikimedia-fleirtydingsside

Valborgsmässoafton er ei årleg høgtid som vert feira 30. april eller 1. mai i Estland, Finland, Latvia, Sverige, Tsjekkia og Tyskland.

Valborgsbål ved Ringsjöns strand

Namnet skriv seg frå den tyske helgenen Valborg (ca. 710–779), som var abbedisse i klosteret i Heidenheim i Schwaben. Kulten hennar var knytt til vern mot heksetru og vonde ånder, men tradisjonen i namnet hennar vart knytt til heidenske vår- og fruktbarheitsritar.

I Finland og Sverige vert helga feira ved å brenne bål og på somme stadar med fyrverkeri. Tromsø har òg tradisjon for feiring av valborgsmesseaftan.

Valborg som akademisk høgtid endre

 
Carolinabacken sett frå Carolina Redivivas balkong, like før «mösspåtagningen» i Uppsala

Dagen er også ein høgtidsdag for nokre høgskolar og universitet i Sverige, der ein den 30. april set på seg sommarens studentlue (mössan).

Bilete endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Valborgsmesseaftan
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.