Valdemar av Danmark
Valdemar (27. oktober 1858–14. januar 1939) var ein dansk prins som var son av kong Kristian IX av Danmark og dronning Louise.[1] Han var det yngste barnet deira, og den tredje sonen. Dei eldre syskena hans var kong Frederik VIII av Danmark, dronning Alexandra av Storbritannia, kong Georg I av Hellas, keisarinne Maria Fjodorovna av Russland og kronprinsesse Thyra av Hanover.
Valdemar | |||
| |||
Fødd | 27. oktober 1858 Bernstorff slott | ||
---|---|---|---|
Død | 14. januar 1939 København | ||
Alle titlar | prins | ||
Hus eller slekt | Glücksburg | ||
Gravstad | Roskilde domkyrkje | ||
Land | Kongeriket Danmark | ||
Mor | Princess Louise of Hesse-Kassel | ||
Far | Christian IX of Denmark | ||
Ektefelle | Marie d'Orléans | ||
Barn | * Aage av Danmark (1887–1940)
|
I 1887 avslo prins Valdemar tilbodet om å bli konge av Bulgaria. Han ville ikkje risikera å koma i ei vanskeleg situasjon i høve til broren, kong Georg I av Hellas. I 1905 blei prins Valdemar nemnd som mogleg kongsemne i Noreg, men det blei i staden nevøen hans, prins Carl, som blei konge av Noreg som Haakon VII.
6. oktober 1906 blei prins Valdemar gjeven storkrossen av St. Olavs Orden.
Familie
endrePrins Valdemar gifta seg med prinsesse Marie av Orleans i 1885. Dei fekk fem barn:
- Aage av Danmark (1887–1940)
- Axel av Danmark (1888–1964), gifta seg med Margaretha av Sverige i 1919 og fekk to søner
- Erik av Danmark (1890–1950), gift med Lois Booth i Ottawa i Canada 1924, skild i 1937, fekk ein son og ei dotter.
- Viggo av Danmark (1893–1970), gjort til greve av Rosenborg, gift med Eleanor Green; ingen barn
- Margrethe av Danmark (1895–1992), gift med prins René av Bourbon-Parma. Dottera hennar Anna var dronning av Romania.
Kjelder
endre- ↑ Knud J.V. Jespersen. «Valdemar». Den Store Danske. Gyldendal. Henta 15. desember 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Valdemar av Danmark» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2018.