Siam (สยาม) er det tidlegare namnet til Thailand. Namnebytet frå Siam til Thailand er blitt gjort to gonger.

Flagget til Siam frå 1855 til 1917.
Namnetrekket til kong Mongkut av Siam som Rex Siamensium frå 1855.

Nemninga SiamEndra

Kongeriket Ayutthaya var kjend som Siam og folket som budde der skal ha blitt kalla siamesarar så tidleg som i 1457. Namnet er sikkert dokumentert i 1856. Det var eit eksonym som ikkje blei nytta av innbygjarane sjølve.

24. juni 1939 endra statsminister Plaek Phibunsongkhram namnet på landet til Thailand og innbyggjarnemninga til thai. Dette la vekt på at landet tilhøyrde thaifolket og var eit namn som folket sjølv hadde vald.

Endringa blei rekna som uoffisiell, og blei bytta tilbake til Siam i 1945. I 1949 blei det så offisielt endra tilbake til Thailand i 1949.[1] Denne endringa har stått fast, men namnet Siam har fortsett å vera i bruk.[2]

OrdsogeEndra

Det portugisiska Sciam kjem truleg via thai sayam frå sanskrit श्याम (Śyâma, 'mørk'), med tilvising til hudfarge.[3] Det finst minst to andre teoriar om opphavet til ordet. Det kan ha blitt avleidd frå pali शुभर्नभुमि (suvarnabhumi, 'land av guld') eller kanskje mon rham ('framand'). Ordet har truleg same rot som namna Shan og Assam.[4]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Anders Jönsson. «Siam». Nationalencyklopedin. Bokförlaget Bra böcker AB, Höganäs. Henta 15. juli 2015. 
  2. «Etymology». Thailand Profile (på engelsk). Arkivert frå originalen 28. mars 2016. Henta 15. juli 2015. 
  3. «Siam». On Line Dictionary (på engelsk). Henta 15. juli 2015. 
  4. Barend Jan Terwiel: Chaichuen Khamdaengyodtai, Shan Manuscripts', Franz Steiner, 2003.