Valdtekt i Japan
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
I Japan er valdtekt rekna for å vere eit seksuelt motivert lovbrot, noko som skil det frå andre land som t.d. Noreg, der valdtekt reknast for å vere eit valdeleg motivert brotsverk. Japan er eit land med sterke patriarkiske haldningar. Dette kan inkludere å lage unnskyldningar for dårleg oppførsel, t.d. seksuelle overgrep. Eit tema som kontinuerleg kjem opp i japansk populærkultur er valdtekt framstilt som ei utviding av normal seksuell tilfredsstilling. Japans valdtektsstatistikk er likevel lav.
DefinisjonarEndra
TyparEndra
I Japan, som mange andre stadar plar valdtekt å bli delt inn i to hovudkategoriar. Ein har «fushizen rape»(不自然), eller relasjonsvaldtekt, der valdtekta vert utført av ein person fornærma allereie kjenner/har ein relasjon til og/eller det ikkje er serleg med fysisk vald involvert. Ein har òg «tsūjō rape»(通常), eller overfallsvaldtekt, som er det stereotypiske dei fleste tenkjar på når ein høyrer ordet, der ein blir, potensielt valdeleg, overfalt av ein ukjend person og valdteken. Det kan vere vanskeleg å vite kvar skilja går mellom desse. Fleirtalet av alle valdtekter er relasjonsvaldtekt [1] Valdtekt innanfor ekteskap i Japan vart rekna for å vere ikkje-eksisterande, fordi når kvinna seier sitt ja til ekteskap vart det sett på som at ho gir permanent samtykkje til seksuell kontakt og har dermed gitt frå seg sin seksuelle autonomi. Grunna det permanente samtykkje kan ikkje ein valdtekt ta stad.
JuridiskEndra
Lovgjevinga og definisjonen i Japan av kva ein valdtekt er har ikkje vorte oppdatert sidan loven vart til i 1907. I følgje den japanske lovgjevinga er deira juridiske definisjon på valdtekt (artikkel 177)[2] når ein ved bruk av makt eller trugande åtferd tvingar seg til vaginalt samleie. Alle andre typar seksuelle overgrep går i Japan inn under kategorien «forcible indecency», tvungen uanstende (artikkel 176)[2]. Fordi ordbruken brukt er så vid inneheld denne kategorien alt frå klåing (chikan, 痴漢), til grovare seksuelle overgrep til dømes valdtekt av menn o.l. Dermed er det per juridisk definisjon, berre kvinner som kan verte valdtekne og berre menn som kan valdta.
StatistikkEndra
Japans valdtektsstatistikk er 20 gonger lågare enn USA[3] og har eit veldig rettsapparat der over 99% av alle kriminelle sakar i retten endar i ei domfelling[4]. Å finne valdtektsstatistikk om Japan er vanskeleg fordi det er eit veldig tabu- og skambelagt tema.
Valdtekt:Endra
Årstal | Rapportar til politiet | Oppklarte sakar | Tal på arresterte (menn) |
---|---|---|---|
2008 | 1582 | 1326 | 951 |
2009 | 1402 | 1163 | 918 |
-Japanese Police Agency.[5] Sakar der gjerningsmannen er mindreårig har sin eigen statistiske kategori, noko som betyr at ingen mellom 14-19 år er inkludert i desse tala.
Usømmeleg/Uanstendig overgrep:Endra
Årstal | Rapportar til politiet | Oppklarte sakar | Tal på arresterte |
---|---|---|---|
2008 | 7111 | 3555 | 2219 |
2009 | 6688 | 3563 | 2129 |
-Japanese Police Agency.[5](Nærare 70% av dei meldte sakane i denne kategorien skal visstnok vere klåing(chikan, 痴漢) på offentleg transport.)
Valdtekt:Endra
Årstal | Rapportar til politiet | Oppklarte sakar | Tal på arresterte (menn) |
---|---|---|---|
1990 | 1548 | 1274 | 1289 |
1995 | 1500 | 1410 | 1160 |
2000 | 2260 | 1540 | 1486 |
2005 | 2076 | 1443 | 1074 |
2008 | 1582 | 1326 | 951 |
2009 | 1402 | 1163 | 918 |
2010 | 1289 | 1063 | 803 |
-Ministry of Internal Affairs and Communication[6].
Politirapportar og mørketalEndra
Ein verdi ein set høgt i dei fleste austasiatiske landa er det å akseptere eins situasjon i livet, noko som stemmar spesielt godt i Japan. Dette stammar frå meditative Buddhist-lærdommar og går ut på å resignert halde ut i stilla. Det kan vere mange ulike grunner til at ein ikkje melder frå til politiet om ein valdtekt. Mange vil ikkje verte assosiert med den type oppførsel og er kanskje redd for å bringe skam ovanfor seg sjølve og sin familie(haji). Undersøkingar viser òg at valdtektskultur står spesielt sterkt i asiatiske land[7], noko som igjen fører til at færre kvinner rapporterer. Valdtekt er eit veldig tabu- og skambelagt tema og det er difor ikkje blitt utført mange undersøkingar i forbinding med potensielle mørketal. Undersøkingar gjort i andre land foreslår likevel at mørketala er høge og at nærare 80% av desse er relasjonsvaldtekter.
FotnotarEndra
- ↑ Tokyo Rape Crisis Center, arkivert frå originalen 3. juni 2013, henta 8. mai 2013
- ↑ 2,0 2,1 Penal Code of Japan
- ↑ Crisis intervention center., arkivert frå originalen 11. april 2013, henta 7. mai 2013
- ↑ Ramseyer,J. Mark and Rasmusen,Eric B.(2001), 'Why Is the Japanese Conviction Rate So High?', The Journal of Legal Studies, Vol. 30, No. 1 (January 2001), pp. 53-88 (18.april 2013)
- ↑ 5,0 5,1 Crimes in Japan in 2009 Arkivert 2013-03-07 ved Wayback Machine.Side 49
- ↑ Ministry of Internal Affairs and Communication;Statistics Bureau, Director-General for Policy Planning(statistical standards) & Statistical Reaseach and Training Institute: Chapter 25 Justice and Police, 25-1 Crime Cases Known to the Police, Cases Cleared up and Arrestees by Type of Crime, (21.april 2013)
- ↑ 'Attitudes Toward Rape : A Comparison Between Asian and Caucasian College Students'Joohee Lee, Elizabeth C. Pomeroy, Seo-Koo Yoo and Kurt T. Rheinboldt, Violence Against Women 2005 11: 177