Vale er i den norrøne gudelæra son av Loke og Sigyn. Loke og Sigyn fekk to søner, Vale og Narve.

Dei var halvbrør til Midgardsormen, Hel, Fenrisulven og Sleipner. Narve og Vale hadde begge ei evne til å vera både ulv og menneskeliknande.

Narve og Vale var lenge vener, men Vale tok livet av broren ei gong dei slost. Æsene hadde fanga både Loke, Narve og Vale. Vale skapa seg om til ein ulv, og tok livet av broren. Æsene nytta tarmane til Narve for å binda Loke.

Anna tyding

endre
  • Vale eller Våle er i tillegg namnet på ein son av guden Odin og jotna Rind