Sjå og Ekstremvêret Narve

Narve er eit namn frå norrøn gudelære. Namnet kjem frå norrønt njörva, å binda, og tyder «den som bind».

Jotunen Narve endre

Narve, Norvi eller Njorvi er namnet på ein jotun. Han skal ha vore ein av dei eldste innbyggjarane i Jotunheimen, og i nær slekt med nornene.

Han var far til Nótt, og svigerfar gjennom henne til Naglfari, Onnar og alven Delling. Unnr og Jord var òg borna hans, og han var mellom anna morfar til Dag og Tor. Bortsett frå den mektige slekta hans, veit me lite om denne jotunen.

Lokesonen Narve endre

Snorre bruker namnet Narve om den eine av sønene til Loke og Sigyn og begge to om kvarandre. Den andre kallar han òg Vale. Dei to hadde begge ei evne til å vera både ulv og menneskeliknande. Dei var halvbrør til Midgardsormen, Hel, Fenrisulven og Sleipner.

Narve og Vale var lenge vener, men Vale tok livet av broren ei gong dei slost. Æsene hadde fanga både Loke, Narve og Vale. Vale skapa seg om til ein ulv, og tok livet av broren. Æsene nytta tarmane til Narve for å binda Loke.

Namnet hans kan òg skrivast Narfe eller Norve.

Narve som namn endre

Narve er nytta som mannsnamn, som rundt 300 menn ber i Noreg i dag (2005). Dette har òg gitt opphav til etternamnet Narvesen. Nokre namneberarar er:

Bakgrunnsstoff endre