Valen kapell er ei langkyrkje i Valevåg i Sveio kommune i Vestland. Bygget vart opphavleg oppført som kyrkje i 1707. I 1873 vart kyrkjestaden flytta til Ulveraker, der Valestrand kyrkje vart oppført, mens materialane frå gamlekyrkja vart brukt til å bygge ein skole. Skolen vart riven i 1940, og materialane vart brukt til å oppføre kapellet på den gamle kyrkjestaden, med vigsling i 1949. Skipet er lafta, medan koret er i bindingsverk. Kapellet har 50 sitjeplassar.

Valen kapell
kyrkje
Foto: Siri Johannesen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sveio
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnhordland
Fellesråd Sveio
Stad Valevåg
Type Langkyrkje
Teknikk Skip i lafteverk,
kor i bindingsverk
Innvigd 1949
Klokker 1, Olsen Nauen, 1948
Orgel Vestre orgelfabrikk
Sitjeplassar 50
Kart
Valen kapell
59°41′42″N 5°28′34″E / 59.6951°N 5.476°E / 59.6951; 5.476
Wikimedia Commons: Valen kapell (Sveio)

Komponisten Fartein Valen er gravlagd på staden.

Kjelder endre