Valens
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Valens (fleirtyding).
Flavius Julius Valens (1. januar 328–9. august 378) var romersk keisar frå 364 til 378, etter at han fekk den austlege delen av Romarriket av broren sin Valentinian I.[1]
Valens | |||
| |||
Fødd | 328 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Vinkovci | ||
Død | 9. august 378 | ||
Dødsstad | Edirne | ||
Gift med | Albia Dominica | ||
Dynasti | Valentinske dynasti | ||
Far | Gratianus Funarius | ||
Born | Valentinianus Galates, Anastasia |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreValens var son av Gratianus den eldre,[2] ein general frå Pannonia.[3][4]
Keisar
endreI 346 blei Valens utropt til medkeisar av broren sin, keisar Valentinian I, som eit resultat av krav frå generalane som hadde valt Valentinian til keisar. Valens overtok ansvaret for den austlege halvdelen av riket.[4][5]
I 365 utropte tronranaren Prokopius, ein fjern slektning av Julianus, seg til keisar i Konstantinopel, og vann popularitet. Våren 366 sigra styrkane til Valens over dei til Prokopius. Då dei seinare møttest personleg, deserterte styrkane til Prokopius, og han enda opp med å bli halshoggen.
Etter at Prokopius var død ville Valens straffa dei som hadde støtta han. Då Valens i 367 gjekk over Donau, flykta visigotarane utan kamp. Ved eit nytt angrep i 369 overvann Valens den visigotiske høvdingen Atanarik. Året etter slutta Valens og Atanarik fred.[6][7]
I 368 lét keisar Valens oppføra ein akvedukt til Konstantinopel, Valensakvadukten.
Dei følgjande åra kjempa Valens mot sassanidane om kontroll over Armenia.[5] I 375 døydde broren og medregenten Valentinian I, og sønene hans Gratian og den fire år gamle Valentinian II etterfølgde han som keisarar over den vestre delen av Romarriket.[4][8][9]
I 376 bad den visigotiske høvdingen Fritigern om å få busetja seg sør for nedre Donau på grunn av ekspansjonen til hunarane. Fritigern og folka hans fekk mark og statleg støtte mot at dei gjorde krigsteneste. Dette utarta til ei masseflukt over Donau, og dei romerske embetsmennene mista kontrollen over situasjonen mellom anna på grunn av korrupsjon og ønske om å utnytta den vanskelege situasjonen til gotarane. Valens gjekk i felt mot visigotarane leidde av Fritigern, og 9. august 378 stod slaget ved Adrianopel. Valens venta ikkje på brorsonen Gratian, som var på veg til unnsetning. Romarane leid eit knusande tap, og Valens fall i slaget.[5][10]
Kjelder
endre- ↑ Encyclopædia Britannica, Valens
- ↑ Livius.org, Valens
- ↑ «Valens, Eastern Roman Emperor». Geni.com. Henta 22. november 2015.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Bengt Malcus. «Valentinianus I». Nationalencyklopedin. Henta 22. november 2015.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Bengt Malcus. «Valens». Nationalencyklopedin. Henta 22. november 2015.
- ↑ Lars, Bägerfeldt: KEJSARE 306-641 Korta beskrivningar i ett gotiskt perspektiv. ISBN 91-88418-05-7. Henta 2015-11-22.
- ↑ Dick Harrison. «Atanarik». Nationalencyklopedin. Henta 22. november 2015.
- ↑ Bengt Malcus. «Gratianus». Nationalencyklopedin. Henta 22. november 2015.
- ↑ Bengt Malcus. «Valentinianus II». Nationalencyklopedin. Henta 22. november 2015.
- ↑ Örjan Wikander. «Fritigern». Nationalencyklopedin. Henta 22. november 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Valens» frå Wikipedia på bokmål, den 5. november 2023.