Roma i antikken

oldtidsby som vaks fram på den italienske halvøya frå midten av 700-talet fvt.

Roma i antikken viser til romarane sitt samfunn frå grunnlegginga av byen Roma på 700-talet f.Kr. til Vestromarriket braut saman på 400-talet i seinantikken. Det omfattar det romerske kongedømet (753–509 f.Kr.), den romerske republikken (509–27 f.Kr.) og Romariket (27 f.Kr.–476 e.Kr.).[1]

Utbreiiinga av Romarriket under Augustus. Den gule markeringa viser utstrekkinga til republikken i 31 f.Kr., grønt viser område erobra under Augustus, og rosa område viser klientstatar.
Romariket fekk si største utstrekking under Trajan i år 117.

Roma byrja som ein italisk busetnad, etter tradisjonen skipa i 753 f.Kr., ved elva Tiberden italienske halvøya. Busetnaden voks til ein by og den politiske eininga Roma, og kom til å få makt over naboane sine gjennom ei blanding av traktatar og militær styrke. Med tida kom det til å dominera den italienske halvøya, og skipa eit imperium som omfatta mykje av Europa og landområda rundt Middelhavet. Det var eit av dei største rika i oldtida, med eit estimert innbyggjartal på 50 til 90 millionar, rundt 20 % av befolkninga i verda på den tida.[a] Riket dekka rundt 5 million kvadratkilometer (1,9×10^6 sq mi) på høgda si i år 117.[2]

Den romerske staten utvikla seg frå eit valkongedøme til ein demokratisk klassisk republikk og så til eit stadig meir autokratisk halv-valt militærdiktatur under keisartida. Gjennom erobring og kulturell og språkleg assimilering herska det på høgda si over kysten av Nord-Afrika, Egypt, Sør-Europa og mykje av Vest-Europa, Balkan, Krim og mykje av Midtausten, mellom anna Anatolia, Levanten og delar av Mesopotamia og Arabia. Han blir ofte plassert i antikken saman med det gamle Hellas, og dei liknande kulturane og samfunna deira er kjende som den gresk-romerske verda.

Den romerske sivilisasjonen har gjeve bidrag til moderne språk, religion, samfunn, teknologi, juss, politikk, statsstyre, krigføring, kunst, litteratur, arkitektur og ingeniørfag. Roma utvida og profesjonaliserte militærmakta si og skapte eit system for sivilt styre kalla res publica, noko som inspirerte moderne republikkar som USA og Frankrike.[3] Han oppnådde imponerande teknologiske og arkitektoniske nyvinningar, som konstruksjonen av akveduktar og vegar, i tillegg til meir grandiose monument og bygningar.

Punarkrigane mot Kartago enda med romersk herredøme over Middelhavet. Det romerske keisardømet blei til gjennom prinsipatet til Augustus (frå 27 f.Kr.). Riket strekte seg no frå Atlanterhavet til Arabia og frå munningen av Rhinen til Nord-Afrika. I år 92 møtte Romarriket det gjenoppståtte Persarriket under akemenidane, og blei innblanda i den lengstvarande konflikten i historia, Dei romersk-persiske krigane. Under Trajan nådde Romarriket den største utstrekkinga si, då det omfatta heile landområdet rundt Middelhavet, sørranden av Nordsjøen og kystane av Raude- og Kaspihavet. Republikanske skikkar og tradisjonar byrja å gå tilbake i løpet av den keisarlege perioden, med borgarkrigar og uro ein vanleg opptakt til utnemning av ein ny keisar.[4] Utbrytarstatar som Palmyrariket kom til å dela riket mellombels under krisa på 200-talet, før det blei gjenoppretta ein viss stabilitet under Tetrarkiet.

Indre uro og åtak frå ulike folkeslag under folkevandringstida førte til at Vestromarriket blei brote opp til ulike sjølvstendige barbarkongedøme på 400-talet. Austromarriket varte ved gjennom mellomalderen til det fall i år 1453.

AustromarriketRomarriketden romerske republikkendet romerske kongedømetVestromarriket

Det gamle Italia og skipinga av Roma endre

 
Kart over det gamle Roma med dei sju høgdene. Serviusmuren er markert med ei blå line, og Den aurelianske muren med ei raud.

Arkeologiske spor etter busetjing kring Roma byrjar å opptre frå kring 1000 f.Kr.[5] Det finst fyrst spor etter organisering på større nivå kring  800 f.Kr, med ei fyrste gravene i nekropolisen på Esquilinhøgda og funnet av ein mur i leire og tømmer ved botnen av Palatinerhøgda datert til midten av 700-talet f.Kr. Frå kring 650 f.Kr byrja romarane å drenera dalen mellom Palatinerhøgda og Kapitol, der Forum Romanum seinare blei bygt.[6] På 500-talet bygde romarane Jupiter Optimus Maximus-tempelet på Kapitol, og utvida byen til Forum Boarium mellom Kapitol og Aventinerhøgda.[7]

 
Ifølgje den romerske soga blei Roma grunnlagd i 753 f.Kr. av Romulus og Remus, som blei fostra av ein houlv.
 
Freske frå Pompeii, frå år 35-45, som viser grunnlegginga av Roma. Sol er i stridsvogna si; Mars kjem ned frå himmelen til Rhea Silvia som ligg i graset; Merkur viser houlven som diar tvillingane til Venus. I dei nedre hjørna av bildet ser ein elveguden Tiberinus og vassgudinna Juturna.

Romarane hadde si eiga grunnleggjarmyte. Grunnlegginga av byen blei ført tilbake til ein konflikt innan herskarfamilien i den mytiske byen Alba Longa. Etter at kongen blei avsett, blei ei av døtrene hans tvinga til å bli ei jomfrueleg vestalinne, men blei gjort svanger av guden Mars og fødde tvillingane Romulus og Remus.[8] Sønene blei dømde til døden, men blei redda, fyrst av ein houlv og seinare av jordbrukarar. Dei vende seinare tilbake til fødestaden for å gje trona tilbake til den rette kongen og sjølv grunnlegga ein by på staden der dei var blitt redda. Etter ein krangel drap Romulus broren Remus, og blei den einaste grunnleggjaren av byen. Denne soga kan førast tilbake til 200-talet, og den seinare romerske lærde Marcus Terentius Varro fastsette datoen for grunnlegginga av byen til år 753 f.Kr.[9]

Kongedøme endre

Det finst litterære og arkeologiske prov på at Roma hadde kongar, mellom anna tekstfragment frå 500-talet f.Kr.[10] Lenge etter at monarkiet var avskaffa bruke ein tittelen rex sacrorum for utøving av dei tidlegare sakrale verkeområda til monarken. Romarane meinte dei hadde hatt eit valkongedøme, med sju legendariske kongar som stort sett ikkje var i slekt.[11]

Republikk endre

Ifølgje tradisjonen og seinare forfattarar som Livius blei den romerske republikken grunnlagd kring 509 f.Kr.,[12] då den siste av dei sju kongane av Roma, Lucius Tarquinius Superbus, blei avsett av Lucius Junius Brutus og det blei innført eit system med årleg valde magistratar og ulike representative forsamlingar.[13] Det fanst ein grunnlov som la fast ei rekkje prinsipp kring maktfordeling og maktavgrensing. Dei viktigaste magistratane var dei to konsulane, som saman hadde utøvande makt som imperium, eller militær kommando.[14] Konsulane måtte samarbeida med Senatet, som opphavleg var eit rådgjevande organ av adelsfolk, eller patrisiarar, men seinare voks i storleik og makt.[15]

På 300-talet f.Kr. hadde Roma kome under åtak frå gallarar, som no hadde kontroll på den italienske halvøya forbi Posletta og gjennom Etruria. 16. juli 390 f.Kr. møtte ein gallarhær leia av høvdingen Brennus ein romersk her ved breidda av Alliaelva eit stykke nord for Roma. Brennus sigra, og gallarane marsjerte mot Roma. Dei fleste romarane hadde flykta frå byen, men nokre av dei barrikaderte seg på Kapitolhøgda for eit siste forsvar. Gallarane plyndra og brann byen, og omleira deretter Kapitol. Omleiringa varte i sju månader. Gallarane blei så samde med romarane om å gje dei fred i bytte mot 1000 pund gull. Ifølgje seinare romerske legender la romarane som såg over veginga merke til at gallarane fuska med vektene. Romarane tok då til våpen og sigra til sist over gallarane. Generalen deira Camillus skal ha sagd at «Med jern, ikkje med gull, kjøper Roma sin fridom.»[16]

Romarane underla seg gradvis dei andre folkeslaga på den italienske halvøya, mellom dei etruskarane.[17] Det siste trugsmålet mot romersk hegemoni i Italia kom då Tarentum, ein større gresk koloni, bad om hjelp frå Pyrrhos av Epiros i 281 f.Kr., men også denne blei overvunnen.[18][17] Romarane trygga erobringane sine ved å skipa koloniar på strategiske stader.[17]

Punarkrigane endre

På 200-talet f.Kr. møtte Roma ein ny, sterk motstandar: Kartago. Dette var ein rik, mektig fønikisk bystat som ønskte å dominera middelhavsområdet. Dei to byane var allierte på Pyrrhos si tid, då han var eit trugsmål for begge, men Roma sin dominanse i Fastlands-Italia og det kartagenske herredømet over havet gjorde dei to maktene til rivalar i det vestlege Middelhavet, og førte etterkvart til konflikt.[19][20]

Den fyrste punarkrigen braut ut i 264 f.Kr., då byen Messana bad Kartago om hjelp i konflikten sin med Hiero II av Syrakus. Etter at kartagenarar tok over byen bad Messana Roma om hjelp til å kasta dei ut.[21]

Etter over 20 år med krig sigra Roma, og inngjekk ein fredsavtale med Kartago. Ei av årsakene til at den andre punarkrigen braut ut var krigserstattinga Kartago gjekk med på etter den fyrste krigen.[22]

Den seine republikken endre

Etter å ha nedkjempa Makedonia og Selevkidriket på 100-talet f.Kr. blei romarane det dominerande folket ved Middelhavet.[23] Erobringa av hellenistiske statar førte romersk og gresk kultur tettare saman. Den romerske eliten, som hadde vore landleg, blei meir luksus-orientert og kosmopolitansk.

Marius og Sulla endre

Gaius Marius var ein novus homo som byrja den politiske karrieren sin med hjelp frå den mektige Metelli-familien, og raskt blei ein leiande mann i republikken. Han var konsul heile sju gonger, fyrst i 107 f.Kr. Han innførte militære reformer for å nedkjempa og fanga den numidiske kongen Jugurtha. Han fekk fattige folk inn i hæren, noko som starta ordninga med at generalar som hadde kommando vann lojalitet til mange soldatar.

Lucius Cornelius Sulla var fødd i ein fattig familie av patrisiarfamilie. Han var ved teateret, der han fekk mange venner, før han blei general i Jugurtha-krigen.[24] Han blei ein rival til Marius då han overtalte Bocchus, svigersonen til Jugurtha, til å overlevera denne til romarane etter at Marius sjølv hadde feila.

Etter at Marius trekte seg tilbake hadde Roma ein kort periode med fred. Italienske socii ('allierte' på latin) bad om romersk borgarskap og røysterett. Marcus Livius Drusus støtta den juridiske prosessen deira, men blei snikmyrda. Då gjorde socii opprør mot romarane, og den såkalla Forbundsfellekrigen braut ut. På eit tidspunkt blei begge konsulane drepne, og Marius, Sulla og Lucius Julius Cæsar blei utnemnde til å leia hæren.[25] Etter å ha vunne krigen vende Sulla og Marius seg mot kvarandre. Sulla tok makta i Roma fyrst, og utførte ei brutal forfølging av dei som hadde støtta Marius. I 87 f.Kr. tok Marius makta tilbake medan Sulla førte krig i Hellas. Han blei konsul i lag med Lucius Cornelius Cinna og drap den andre konsulen, Gnaeus Octavius, og andre støttespelarar.

Marius døydde få månader etter å ha teke makta av alderdom og dårleg helse. Cinna hadde absolutt makt til også han døydde i 84 f.Kr. Året etter vende Sulla tilbake til Roma, og byrja ein terrorkampanje der talrike adelsfolk, offiserar og senatorar blei drepne. Sulla hadde to periodar som diktator og ein som konsul. Med dette byrja endetida til den romerske republikken.[26]

Cæsar og det fyrste triumviratet endre

Gaius Julius Cæsar kom frå ein aristokratisk familie med få middel. Tanta hans Julia var gift med konsulen Marius,[27] og Cæsar identifiserte seg med grupperinga populares. For å oppnå makt gjenforeinte Cæsar dei to mektigaste mennene i Roma: Marcus Licinius Crassus, som hadde støtte han økonomisk i mykje av den tidlege karrieren hans, og rivalen til Crassus, Gnaeus Pompeius Magnus, som han fekk dotter si gift med. Saman med dei danna han ein ny unformell allianse med dei kalla det fyrste triumviratet ('tre menn').

I 54 f.Kr. døydde dottera til Cæsar som var gift med Pompeius i barsel, noko som svekka alliansen. I 53 f.Kr invaderte Crassus Partia og blei drepen i slaget ved Carrhae. Etter dette gjekk triumviratet i oppløysing. Utan Crassus som mellommann byrja dei to generalane å ta stillingar for å få makt. Cæsar erobra Gallia, og oppnådde stor rikdom, respekt i Roma og lojalitet frå legionane sine. Han var no eit tydelege trugsmål mot Pompeius og grupperinga rundt han, som valde å prøva å ta legionane frå Cæsar for så å kunna stilla han for retten, ta frå han formuen hans og senda han i eksil.

For å unngå dette kryssa Cæsar elva Rubicon og invaderte Roma i 49 f.Kr. Pompeius og støttespelarane has flykta, forfølgd av Cæsar. Slaget ved Pharsalus var ein stor siger for Cæsar der dei fleste motstandarane hans blei drepne: Metellus Scipio, Cato den yngre og sonen til Pompeius, Gnaeus Pompeius. Pompeius sjølv blei drepen i Egypt i 48 f.Kr. Cæsar hadde no makta i Roma, der han fekk ei rekkje titlar, som konsul og diktator. Han blei drepen i 44 f.Kr. av gruppa liberatores.[28]

Det andre triumviratet endre

Snikmordet på Cæsar førte til politisk og sosial uro i Roma. Vennen og kollegaen han Marcus Antonius tok over styret av byen. Kort tid seinare kom Octavius (Augustus), som Cæsar hadde adoptert gjennom testamentet sitt, til Roma. I 43 f.Kr. danna han, Antonius og bestevennen til Cæsar, Marcus Aemilius Lepidus,[29] det andre triumviratet.

I 42 f.Kr. opphøgde Senatet Cæsar til gud som Divus Iulius. Octavius blei då Divi filius,[30] son av den gudeopphøgde. Same året sigra Octavius og Antonius over Cæsar sine drapsmenn og leiarane for liberatores, Marcus Junius Brutus og Gaius Cassius Longinus, i slaget ved Philippi.

Triumviratet delte riket mellom triumvirane. Lepidus fekk ansvar for Africa-provinsen og Antonius for dei austlege provinsane, medan Octavius blei verande i Italia med kontroll over Hispania og Gallia. Etterkvart blei tilhøvet mellom Octavius og Antonius forverra, medan Lepidus blei nøydd til å trekka seg i 36 f.Kr. etter å ha svike Octavius på Sicilia. Antonius heldt til Egypt som blei styrt av elskarinna hans, Kleopatra. Tilhøvet hans til henne blei sett på som svik, ettersom Kleopatra var dronning av eit anna land. Octavius førte krig mot Egypt, og sigra i slaget ved Actium i 31 f.Kr. Både Antonius og Kleopatra utførte sjølvmord. Erobringa av Egypt signaliserte ei ny tid for Romarriket.

Prinsipatet endre

I 27 f.Kr., då han var 36 år gammal, var Octavius blitt eineherskar. Dette året tok han namnet Augustus. Denne handlinga er vanlegvis rekna som byrjinga på Romarriket, sjølv om det alt hadde vore eit rike sidan 146 f.Kr., då Kartago blei rasert av Scipio Aemilianus og Hellas blei erobra av Lucius Mummius. Offisielt var staten framleis ein republikk, men Augustus hadde absolutt makt.[31][32] Han innleidde ein periode på to hundreår som romarane kalla Pax Romana.

Augustus endre

 
Statuen Augustus frå Prima Porta frå det fyrste hundreåret.

Augustus (r. 27 f.Kr.–år 14) samla nesten alle maktområda under sin offisielle tittel, princeps: han hadde makt som konsul, princeps senatus, aedile, censor og tribun.[33]

Under Augustus sitt styre nådde romersk litteratur ein gullalder med diktarar som Vergil, Horats, Ovid og Rufus, som alle var nære venner av keisaren. Han og Mæcenas støtta patriotiske dikt, som eposet Aeneiden av Vergil, og historieverk, som dei skrivne av Livius. Under Augustus hade Roma ei fredeleg tid kjend som Pax Augusta eller Pax Romana.

Flavius-dynastiet endre

Flavius-dynastiet var det andre romerske keisardynastiet.[34] I år 68, då Nero døydde, var det ikkje lenge tenkjeleg å venda tilbake til eit republikansk styresett, og dermed trengte ein finna ein ny keisar. Etter uroa i året med fire keisarar tok Titus Flavius Vespasianus kontroll over riket og gurnnla eit nytt dynasti. Under dette heldt Romarriket fram utvidinga si, og staten var trygg.[35]

Trajan endre

Generalen Trajan blei keisar i år 98. Han var frå ein ikkje-patrisisk familie frå Hispania Baetica (dagens Andalusia), og gjorde framgang i hæren under Domitian. Han var kjend som ein god keisar som styrte vel, utan den brutaliteten som hadde vore før han under Domitian.

Trajan reiste mange bygningar som har overlevd til i dag, som Trajans forum, Trajans marknad og Trajansøyla. Under hans leiarskap nådde Romarriket den største utstrekkinga si[36] med ein flatevidd på 5 millionar km².[37] Han nominerte Hadrian som etterfølgjar.

 
Pantheon i Roma, bygd under Hadrian.

Marcus Aurelius var rekna som den siste av dei fem gode keisarane. Han var ein stoisk filosof, og skreiv 'Meditasjonar' eller 'Til meg sjøv'. Han nedkjempa barbariske stammar under Markomannarkrigane, og vann over Partia.[38]

Commodus, som var son av Marcus Aurelius, blei keisar etter at faren døydde. Han var ikkje rekna som ein «god keisar», og Cassius Dio identifiserte hans styre som byrjinga på romersk dekadanse.[38]

Tetrarkiet endre

 
Romersk follis med ein profil av Diokletian.

I 284 blei Diokletian hylla som keisar av austhæren. Den nye styreforma Tetrarkiet blei innført, med styret av riket delt mellom fire keisar, to i aust og to i vest. Dei fyrste tetrarkane var Diokletian i aust og Maximianus i vest), med juniorkeisarane Galerius i aust og Flavius Constantius i vest. For å støtta opp om økonomien innførte Diokletian fleire skattereformer.[39]

 
Aula Palatina i Trier i Tyskland (del av Gallia Belgica i romersk tid), ein kristen basilik bygd i regjeringstida til Konstantin I (r. 306–337).

Konstantin og kristendommen endre

Konstantin blei tetrark i 306. Han førte fleire krigar mot dei andre tetrarkane. Han sigra over Maxentius i 312. Året etter gav han ut Milano-ediktet, som gav kristne fridom til å utøva religionen sin.[40] Konstantin konverterte sjølv til kristendommen, og byrja kristningar av Romarriket. Han tapte i kampar mot frankarane og alamannarane i 306–308. I 324 sigra han derimot over ein annan tetrark, Licinius, og fekk dermed kontroll over heile riket. For å feira sigeren sin bygde han opp att Bysants og kalla byen Nova Roma ('Nye Roma'), men byen blei snart uformelt kjend som Konstantinopel ('Konstantin sin by').[41]

Keisar Julian prøvde ei kort tid å gjeninnføra klassisk romersk og hellenistisk religion, men dei andre herskarane og riket blei verande kristne. Konstantinopel blei den nye hovudstaden til riket. Roma hadde allereie mista den viktige stillinga si under krisa på 200-talet, med Mediolanum som hovudstad i vest frå 286 til 330. Seinare hadde Ravenna blei denne statusen.

Fallet til Vestromarriket endre

Mot slutten av 300-talet og på 400-talet nådde Vestromarriket eit kritisk stadium som enda med at riket fall.[42] Roma tapte viktige slag mot Sasanideriket og germanske barbarar. I 363 blei keisar Julian den fråfalne drepen i slaget ved Samarra mot persarane. Keisar Valens (364–378) døydde i slaget ved Adrianopel, og dei sigrande gotarane blei verken drivne ut av riket eller assimilerte.[43] Etter at den neste keisaren, Theodosius I, døydde i 395 blei riket delt opp i ein austleg og ein vestleg del. I 410 blei Roma herja av visigotarane.[44]

Austromarriket overlevde nesten tusen år etter at vestdelen av riket fall, og blei det mest stabile kristne riket i mellomalderen. På 500-talet tok Justinianus tilbake den italienske halvøya frå austgotarane, Nord-Afrika frå vandalane og Sør-Hispania frå visigotarane. Men få år etter at Justinianus døydde blei store delar av dei austromerske områda i Italia tekne over av langobardar, som slo seg ned på halvøya.[42] I aust blei riket etterkvart truga av framveksten av islam. Muslimar erobra i tur og orden Levanten, Armenia og Egypt under dei arabiske-bysantinske krigane, og danna snart eit direkte trugsmål mot Konstantinopel.[45][46] I løpet av det neste hundreåret tok arabarane også Sør-Italia og Sicilia.[47] I vest byrja slaviske folk å trenga djupt inn i Balkan.

Bysantinarane klarte likevel å hindra vidare muslimsk inntrenging på 700-talet, og tok tilbake delar av dei erobra områda frå 800-talet.[45][42] I år 1000 var Austromarriket på høgda: Basileios II tok tilbake Bulgaria og Armenia, og kultur og handel bløma.[48] Kort tid etter blei ekspansjonen stoppa då hæren til riket tapte slaget ved Manziker i 1071. Etter to tiår med indre strid og tyrkiske invasjonar sende keisar Alexios I Komnenos bod om hjelp til vesteuropeiske makter i 1095.[45] Vesten svarte med krosstoga, som medførte herjinga av Konstantinopel i 1204 under det fjerde krosstoget. Etter fallet til Konstantinopel blei riket stykka opp i fleire mindre statar, med Keisarriket Nikea som den mektigaste arvtakaren.[49] Det austromerske riket braut heilt saman då Mehmed erobraren tok Konstantinopel 29. mai 1453.[50]

Kjelder endre

Merknadar

  1. Det finst fleire ulike estimat for innbyggjartalet i Romarriket.
    • Scheidel (2006, s. 2) estimerer 60 millionar.
    • Goldsmith (1984, s. 263) estimerer 55.
    • Beloch (1886, s. 507) estimerer 54.
    • Maddison (2006, s. 51, 120) estimerer 48.
    • Roman Empire Population estimerer 65 (og nemner fleire andre estimat mellom 55 og 120).
    • McLynn, Frank (2011). Marcus Aurelius: Warrior, Philosopher, Emperor (på engelsk). Random House. s. 3. ISBN 9781446449332. «[T]he most likely estimate for the reign of Marcus Aurelius is somewhere between seventy and eighty million.» 
    • McEvedy & Jones (1978).
    • eit gjennomsnittal etter ulike kjelder, som oppgjeve ved US Census Bureau sitt Historical Estimates of World Population Arkivert 13. oktober 2013 ved Wayback Machine.
    • Kremer, Michael (1993). "Population Growth and Technological Change: One Million B.C. to 1990" in The Quarterly Journal of Economics 108(3): 681–716.

Fotnotar

  1. «ancient Rome | Facts, Maps, & History». Encyclopædia Britannica (på engelsk). Henta 5 September 2017. 
  2. Taagepera, Rein (1979). «Size and Duration of Empires: Growth-Decline Curves, 600 B.C. to 600 A.D.». Social Science History 3 (3/4): 125. JSTOR 1170959. doi:10.2307/1170959. 

    Turchin, Peter; Adams, Jonathan M.; Hall, Thomas D (December 2006). «East-West Orientation of Historical Empires». Journal of World-Systems Research 12 (2): 222. ISSN 1076-156X. doi:10.5195/JWSR.2006.369. 
  3. Furet, François; Ozouf, Mona, red. (1989). A Critical Dictionary of the French Revolution. Harvard University Press. s. 793. ISBN 978-0674177284. ; Luckham, Robin; White, Gordon (1996). Democratization in the South: The Jagged Wave. Manchester University Press. s. 11. ISBN 978-0719049422. ; Sellers, Mortimer N. (1994). American Republicanism: Roman Ideology in the United States Constitution. NYU Press. s. 90. ISBN 978-0814780053. 
  4. Ferrero, Guglielmo (1909). The Greatness and Decline of Rome, Volume 2. Sett om av Zimmern, Sir Alfred Eckhard; Chaytor, Henry John. G.P. Putnam's Sons. s. 215. ; Hadfield, Andrew Hadfield (2005). Shakespeare and Republicanism. Cambridge University Press. s. 68. ISBN 978-0521816076. ; Gray, Christopher B (1999). The Philosophy of Law: An Encyclopedia, Volume 1. Taylor & Francis. s. 741. ISBN 978-0815313441. 
  5. Boatwright 2012, s. 519.
  6. Boatwright 2012, s. 29.
  7. Boatwright 2012, s. 31.
  8. Boatwright 2012, s. 31–32.
  9. Boatwright 2012.
  10. Boatwright 2012, s. 35
  11. Boatwright 2012, s. 36.
  12. Cornell 1995.
  13. Matyszak 2003.
  14. Adkins & Adkins 1998.
  15. Hooker, Richard (6. juni 1999). «Rome: The Roman Republic». Washington State University. Arkivert frå originalen 14. mai 2011. 
  16. [1] Plutarch, Parallel Lives, Life of Camillus, XXIX, 2.
  17. 17,0 17,1 17,2 Haywood 1971.
  18. Pyrrhus of Epirus (2) Arkivert 14. april 2016 ved Wayback Machine. and Pyrrhus of Epirus (3) Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. av Jona Lendering. Livius.org. Henta 21. mars 2007.
  19. Goldsworthy 2006, s. 25–26.
  20. Miles 2011, s. 175–176.
  21. «Cassius Dio - Fragments of Book 11». penelope.uchicago.edu. Henta 6. september 2022. 
  22. Caspari, Maximilian Otto Bismarck (1911). «Punic Wars § The Interval between the First and Second Wars». I Chisholm, Hugh. Encyclopædia Britannica (på engelsk) 22 (11. utg.). Cambridge University Press. s. 850. 
  23. Bury, John Bagnell (1889). History of the Later Roman Empire. MacMillan and Co. ; Rome: The Conquest of the Hellenistic Empires Arkivert 1. mai 2011 ved Wayback Machine. av Richard Hooker. Washington State University. 6. juni 1999. Henta 22. mars 2007.
  24. Plutarch. Life of Sulla. 
  25. William Harrison De Puy (1893). The Encyclopædia britannica: a dictionary of arts, sciences, and general literature; the R.S. Peale reprint, with new maps and original American articles. Werner Co. s. 760. 
  26. William Harrison De Puy (1893). The Encyclopædia britannica: a dictionary of arts, sciences, and general literature; the R.S. Peale reprint, with new maps and original American articles. Werner Co. s. 760. 
  27. Plutarch Parallel Lives, Life of Caesar, I,2
  28. Julius Caesar (100–44 BC). BBC. Henta 21. mars 2007.
  29. [2] Plutarch, Life of Caesar. Henta 1. oktober 2011
  30. Coins of the Emperor Augustus Arkivert 25. mai 2009 ved Wayback Machine.; examples are a coin of 38 BC inscribed "Divi Iuli filius", and another of 31 BC bearing the inscription "Divi filius" (Auguste vu par lui-même et par les autres av Juliette Reid Arkivert 19 March 2009 ved Wayback Machine.).
  31. Augustus (63 BC – AD 14) from bbc.co.uk. Henta 12. mars 2007.
  32. Langley, Andrew and Souza, de Philip: "The Roman Times" s.14, Candle Wick Press, 1996
  33. [3] Suetonius, The Twelve Caesars, Augustus, XXVII, 3.
  34. Suetonius
  35. O'Connell 1989; Kreis, Stephen. «Augustus Caesar and the Pax Romana». The History Guide. Henta 21. mars 2007. 
  36. Scarre 1995.
  37. Taagepera, Rein (1979). «Size and Duration of Empires: Growth-Decline Curves, 600 B.C. to 600 A.D.». Social Science History 3 (3/4): 125. JSTOR 1170959. doi:10.2307/1170959. Turchin, Peter; Adams, Jonathan M.; Hall, Thomas D (Desember 2006). «East-West Orientation of Historical Empires». Journal of World-Systems Research 12 (2): 222. ISSN 1076-156X. doi:10.5195/JWSR.2006.369. 
  38. 38,0 38,1 Cassius Dio, «Epitome of Book LXXII», Roman History 
  39. Lactantius, «VII», De Mortibus Persecutorum 
  40. Gibbon, Edward (1906). «Chapter XX». I Bury, J.B. The History of the Decline and Fall of the Roman Empire (på engelsk). Fred de Fau and Co. 
  41. Gibbon, Edward (1906). «Chapter XVII» (Online version). I Bury, J.B. The History of the Decline and Fall of the Roman Empire (på engelsk). Fred de Fau and Co. ; Constantine I (306–337 AD) av Hans A. Pohlsander. De Imperatoribus Romanis. 8. januar 2004. Henta 2. mars 2007.
  42. 42,0 42,1 42,2 Duiker & Spielvogel 2001.
  43. Gibbon, Edward (1906). «Chapter XXVI» (Online version). I Bury, J.B. The History of the Decline and Fall of the Roman Empire (på engelsk). Fred de Fau and Co. 
  44. Lapham, Lewis (1997). The End of the World. New York: Thomas Dunne Books. ISBN 0-312-25264-1. s. 47–50.
  45. 45,0 45,1 45,2 Hooker, Richard (6. juni 1999). «The Byzantine Empire». Washington State University. Arkivert frå originalen 24. februar 1999. 
  46. Bray, R.S. (2004). Armies of Pestilence. James Clarke & Co. s. 26. ISBN 978-0-227-17240-7. 
  47. Kreutz, Barbara M. (1996). Before the Normans: Southern Italy in the Ninth and Tenth Centuries. University of Pennsylvania Press. ISBN 978-0-8122-1587-8. 
  48. Basil II (AD 976–1025) av Catherine Holmes. De Imperatoribus Romanis. 1. april 2003. Henta 22. mars 2007.
  49. Gibbon, Edward (1906). «Chapter LXI» (Online version). I Bury, J.B. The History of the Decline and Fall of the Roman Empire (på engelsk). Fred de Fau and Co. 
  50. Mehmet II av Korkut Ozgen. Theottomans.org. Henta 3. april 2007.